Ose tinglag
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
Ose tinglag var eitt av tre tinglag i Vestre Råbyggelag skrivardøme. Dei to andre var Valle tinglag og Hornnes tinglag.
Sorenskrivaren var administrator av bygdetinga. Han reiste rundt og heldt ting på ulike stader. Til vanleg blei tinget halde i lensmannsgarden. I Bygland budde lensmannen på Ose i lange tider. Ose tinglag blei derfor det offisielle namnet på Bygland som juridisk embetsdistrikt. I 1884 blei namnet endra til Bygland tinglag.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, side 10