Hopp til innhald

Ormeholtet

Frå Setesdalswiki

Ormeholtet er ein støyl nord i Skåmedalen som høyrer til bnr. 3 på Skomedal. Det går skogsbilveg frå Skomedal inn til og forbi Ormeholtet.

Historie

Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetnad i Skåmedalen. Ormeholtet er ein av stadene som kan ha vore eigen gard, aleine eller saman med dei næraste støylane. Etter Svartedauden blei Skåmedalen fråflytta, gardane blei til støylar og folk busette seg på den smale jordstripa nede ved fjorden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...