Onsdagssending i Valle Radio 20200819
Onsdagssending i Valle Radio 20200819 er sida til programmet i Valle Radio onsdag 19. august 2020. Jørund Georg Jore var teknikar.
Program
- PS 53/20 Referatsaker
- RS 29/20 20/3819-1 Høring av forslag om endring av lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger
- PS 54/20 Førespurnader
Kva kan/vil ein frå kommunens sin side gjere for å påvirke for å forbetre trafikksituasjonen på strekninga Rv9 og opp mot Valle sentrum/Esso. Må liv gå tapt før det, som for folk flest meiner er eit livsfarleg ferdsesområde, vert sikra?
- Ordførar Steinar Kyrvestad:
Vi har hatt innspel til fylkeskommunen i høve punkt i handlingsprogrammet for fylkesvegar opp til sentrum at det måtte gjerast noko. Dette er ein fylkesveg og fylkeskommunen som er vegeigar. Valle kommune har også jamlege møter med fylkeskommunen.
- PS 55/20 Ordførar orienterer
- Ingen orientering
- PS 56/20 Moglegheitsstudie for Otra Elvepark. Handlingsprogram 2020 - 2023. Høyringsuttale
- Handsaming:
Merknad frå Knut Olav Tveiten: Kan kommunen sjå på muligheter for å utvide Honnevje eller laga ein anna plass med badeplass for barn og turister?
- Tilrådinga vart samrøystes vedteke
- Vedtak:
- Valle kommune sluttar seg til høyringsutkastet vedrørande mulegheitstudie for Otra Elvepark
- Valle kommune er einig i at det vert nytt og sterkt fokus på Nasjonal sykkelrute nr 3 Kristiansand/Hovden. Informasjon i alle medium er viktig, digitalt og infotavler. Arbeid/vurdering av nye trasear er spennande og viktig.
- For Valle kommune vil det være viktig at også Rysstadmo nærturområde (430 – kart 30) vert med i handlingsprogrammet 2020- 2023
- Kommunal medfinansiering/finansiering til aktuelle prosjekt, må handsamast i forbindelse med årsbudsjett og økonomiplan.
- PS 57/20 Slutthandsaming - Detaljregulering for massetak Raudevjedalen - PlanID 201908
- Handsaming:
Knut Olav Tveiten ber kommunestyret vurdere hans habilitet då han er dagleg leiar av Setesdal Maskin som samarbeider med TD maskin som skal ta ut masse i reguleringsområdet og som då har økonomisk interesse.
- Knut Olav Tveiten vart samrøystes funne ugild til å handsame saka og forlot plassen.
Ole Søren Sverdrup Lund ber kommunestyret hans habilitet då han er tilsett i konkurrerandebedrift.
- Ole Søren Sverdrup Lund vart samrøystes gild til å handsame saka.
- Tilrådinga vart samrøystes vedteke.
- Vedtak:
- Forslag til detaljregulering for massetak Raudevjedalen, med plankart, sist revidert 25.06.2020 og tilhørende bestemmelser, sist revidert 29.06.2020, godkjennes i henhold til plan- og bygningslovens § 12-12.
- Deler av reguleringsplan for Rv 9 Besteland – Helle, planID 201801, vedtatt 18.09.2019 som blir berørt av ny detaljregulering for massetak Raudevjedalen med planID 201908 inkludert alle senere planendringer og tilhørende bestemmelser, oppheves.
- PS 58/20 Årsrekneskap og årsmelding 2019 for Valle kommune
- Handsaming:
8 frå AP/H røysta for og 6 frå SP/V røysta i mot.
- Tilrådinga vart vedteke.
- Vedtak:
- Årsrekneskapen 2019 for Valle kommune i samsvar med uttale frå Agder kommunerevisjon IKS og frå kontrollutvalet vert vedteken.
- Årsmelding 2019 for Valle kommune vert vedteken.
- Rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 1 562 388 vert disponert ved avsetning til disposisjonsfond 2.5699.100 med kr 1 562 388.
Kommunestyre syner til og sluttar seg til kontrollutvalet sitt vedtak i kontrollutvalsak 10/20 3dje avsnitt. «Kontrollutvalet finn det også i år naudsynt å peike å på at rekneskapen og årsmeldinga ikkjevar ferdig innan dei fastsette fristane. Dette er krevjande for både revisor og kontrollutval og minskar utvalet sitt høve til å gjere sine pliktige oppgåver på ein fullgod måte. Kontrollutvalet ber om atkommunestyret krev at Valle kommune frå neste år held fristane for ferdig framlagd rekneskap ogårsmelding.»
Kommunestyret legg til grunn at rådmannen held fristane for avlevering av rekneskap og årsmeldingfor 2020, slik kommunelova seier.
Kommunestyret meiner at rådmannen må prioritere økonomistyringa i dei enkelte einingane og sjåtil at budsjetta vert haldne. Budsjettavvik må meldas formannskap/kommunestyret når tertialrapporten handsamast. Naudsynte budsjettendringar må føretakas i tide.
Kommunestyret meiner rådmannen må sjå på innleidd konsulentbistand i arbeidet med reguleringsplaner. Minke denne kostnaden ved å gjere dette arbeidet i eigen regi. Kommunestyret er og i tvil om innkjøp av disse tenestane er i henhold til lova når det gjeld omfang.
Kommunestyret merkar seg at det ikkje er god økonomistyring som ligg til grunn for mindreforbruk på kr 1.562.388,- men auka inntekter som ikkje var budsjettert.
Valle kommunestyre minner rådmannen på rådmannen si plikt, i høve økonomireglementet, til å leggje fram prosjektrekneskap for kommunestyret.
- PS 59/20 Årsrapport for 2019 - Skatteoppkrevjaren i Setesdal
- Handsaming:
Tilrådinga vart samrøystes vedteke.
- Vedtak:
Årsrapport for 2019 frå Skatteoppkrevjaren i Setesdal tas til orientering
- PS 60/20 Årsmelding og årsrekneskap 2019, Øyne industribygg Valle KF
- Handsaming:
Tilrådinga vart samrøystes vedteke.
- Vedtak:
Det framlagde årsrekneskap, med eit overskot på kr. 12 432,59 vert vedteke som Øyne Industribygg Valle KF sitt årsrekneskap for 2019. Kr 12 432,50 vert sett av på Disposisjonsfond drift for å dekke framtidige kapitalkostnader, vedlikehald og andre driftskostnader.
- PS 61/20 Øyne industribygg Valle KF - bruk av disposisjonsfond
- Handsaming:
Tilrådinga vart samrøystes vedteke.
- Vedtak:
Kommunestyret godkjenner bygging av garasje/vedlager til Øyne Industribygg KF. Finansiering med bruk av avsett disposisjonsfond