Onsdagsprogram Valle Radio 20110119
Onsdagsprogram Valle Radio 20110119 syner programmet i Valle Radio onsdag 19. januar 2011. Øyvind Jacob var ansvarleg for kvelden og teknikar var Inga Flateland. Telefonvakter frå klokka 20:30 var Jorunn Lund Harstad og Torbjørg Hoftuft.
Program
18.00 Aktuell time
Øyvind hadde invitert med seg formannen for Sentrumsforeninga i Valle, Ørnulf Hasla, i studio for å snakke litt om Valle og Setesdal si framtid. Spesielt med tanke på utviklinga av folketal, men og med tanke på arbeidstilbod og fritidstilbod. Det finst fleire døme på at det er store utfordringar her, men det finst og gode døme på nytenking og kreativitet.
Dei hadde og ein telefonsamtale med stortingsrepresentant Svein Harberg (H) fordi han nyleg, saman med omlag 15 andre representantar, har sendt inn ein førespurnad i Stortinget om å få fortgang i saka om motorisert ferdsle i utmark. Det har for nokre år sia vore eit prosjekt der fleire kommunar fekk styre dette lokalt, og konklusjonen var klår på at dette var ein særs egna modell. Men regjeringa har ikkje tatt saka vidare, fordi det er indre spenningar der om denne saka. No vil Harberg & co prøve å få Stortinget til å presse regjeringa til å handsame saka og legge fram eit lovforslag. Det er ikkje til å kome forbi at dette er ei viktig sak for folk i Setesdal.
Elles tok Ø&Ø opp problemet med at ESSO-stasjonen i Valle sentrum vart stengt denne veka. Det er ikkje greitt for Valle å vere utan besinstasjon, og Ørnulf kunne melde at det vart arbeidd med å få inn nye drivarar. Førebels er det viktig å få nokon til å ta ansvar for å få fylt opp tankane med drivstoff så ein i alle høve kan få handla drivstoff med kort. Knut Olav Kyrvestad, som eig bygningane, har visst tatt fatt i dette.
19.00 Tankar frå Bibelen
Håvard Viki hadde Tankar frå Bibelen denne kvelden.
19.30 Kommunen informerer
Frode Buen var gjest i studio.
20.00 Musikkprogram
Selma Margaret Dahlin og Katrine Johnsen vel musikk og kosepratar.. Denne onsdagen kom Selma åleine, avdi Katrine var sjuk. Øyvind var med i studio for å vere ein samtalepartnar for Selma. Ho hadde eit utval av låtar som ho hadde valgt ut.
20.30 Øyvinds halvtime
Øyvind hadde invitert med seg turnuslegen, August Gilbo i dette programmet, for å gje han eit høve til å velge musikk i Valle radio. Han starta med tittelmelodien til TV-serien "Twin Peaks", for han har hatt assosiasjonar til denne serien fleire gonger under sitt opphald her i Øvre Setesdal. Vi gjekk ikkje nærare inn på det.
Gilbo sluttar som tunuslege 1. februar 2011 og skal tilbake til Arendal der han har hus, sambuar og ei lita dotter.
21.00 Opi sending
Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki hadde programmet.