Onsdagsprogram Valle Radio 20101208

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Onsdagsprogram Valle Radio 20101208 viser programmet for Valle Radio onsdag 8. desember 2010. Harald Haugland var ansvarleg, teknikarar var Liv Gunn Viki og Kåre Rike og telefonvakter var Torbjørg Hoftuft og Malmfrid Nyborg Homme.

Program

18.00 Aktuell time

18.30 Musikkprogram ved elevar frå Valle VGS

Programmet skulle vore 20.30, men vart flytta fram.

19.00 Tankar frå Bibelen

Ved Håvard Viki og Ånund Lund (opptak)

19.30 Kommunen informerer

Ved Torleif Homme. Temaet var brannsikkerhet. Utgangspunktet var brannen på Faremo fredagskvelden, og han fortalde om problema dei hadde med å få fram vatn i nærare 20 minusgrader. Dei vart våte og kleda fraus til is, så dei måtte hjelpe kvarandre å få dei av. Dei kunne ikkje late huset brenne ned, for ein vil alltid gå gjennom branntomta og prøve å finne årsaken til brannen. Sidan snakka vi om betydningen av å ikkje forlate open eld i eit rom, om å ha skøyteledning med stor nok dimensjon. Padder med knapp for å skru av straumen er gode å kople til TV og dekoder og slike apparat, og så kan ein skru av alle med eit trykk. Og joletreet bør ein skru av om natta. Til slutt snakka vi om pipebrann, det er gjerne naboen som oppdagar den, og om ein stengjer trekken, kan det vere at han stoppar av seg sjølv. Men ein skal melde til brannvesenet likevel, slik at dei kan kome og kontrollere at det ikkje er blitt skade på pipa. Pipebrann skuldast at ein nyttar fuktig ved, som ikkje brenn så godt og så lagar det seg eit sotbelegg i pipa. Dette tek så fyr.

20.00 Haralds time med gjester

  1. Marie Johnsen, leiar i Setesdal barnevern. Ho var i telefonen og fortalde om barnevern generelt og Setesdal barnevern spesielt.
  2. Duro Bartulac, leiar i GD Laftebygg, kom i studio og fortalde om seg og bedrifta han har bygd opp på Rysstadmo.

21.00 Opi sending

Ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki. Dei hadde rebusar frå Setesdølen nr. 100, 2010

Eksterne lenker