Ola N. Løvland
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
| Ola N. Løvland | ||
|---|---|---|
| Født: | 27. mai 1838 | |
| Død: | 6. august 1910 (72 år) | |
Ola N. Løvland (fødd 1838 på Lauvland, død 1910) var bonde, skulelærar og ordførar i Evje kommune.
Løvland las til skulemeister hos Hans Faret i Hornnes og tok prøva i Valle i 1854. Han var lærar i Evje heilt til 1908. Han var mykje med i bygdestyret. Han var ordførar 1878-1881 og 1902-1910 og varaordførar i 16 år. Han var også overformyndar, kommunerevisor og medhjelpar på andre vis.
Ola N. Løvland var med i forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank i 47 år og revisor i banken i 43 år. Det er lengst av alle i banken si historie.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 291-292
- Sigurd Haugsgjerd, 150 år. Evje og Hornnes Sparebank 1864-2014, jubileumsbok, 2016, side 14