Oddvin Gaudestad
| Oddvin Gaudestad | ||
|---|---|---|
| Født: | 28. august 1947 (78 år) | |
Oddvin Gaudestad (fødd 28. august 1947) gjekk ut av Hornnes landsgymnas i 1966. Deretter tok han førebuande prøver i filosofi og matematikk på Agder distriktshøgskole i Kristiansand før han reiste til Oslo for å studere realfag. I 1974 vart han lektor i matematikk og fekk jobb på Ulsrud vidaregåande skule, der han var i to år. I 1976 kom han til Kristiansand katedralskole. Der vart han til han pensjonerte seg i 2015. Frå 1999 var han også lærar på Sonans privatgymnas i Kristiansand.
Frå 1977 var han også lærar på Høgskolen i Agder i kjemi og kjemi fagmetodikk. Han har også vore lærar i realfag på Krigsskolen Gimlemoen.
I forbindelse med Statoils realfagskonkurranse har Oddvin Gaudestad vore ein pådrivar og inspirator. Fritida nyttar han på garden han har i Iveland og på hytte på Hovden, ei hytte han bygde med tømmer frå eigen skog. Han har trylling som hobby og er medlem av Magiske Cirkel Norge.
Kjelder
- Profil hos linkedin.com
- Om tur til Statfjord A
- Oddvin Gaudestad blir 70 år. Fødselsdagsomtale i Fædrelandsvennen 28. august 2017 side 30