OSM (dikt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

OSM er eit dikt av Olav Arne Kleveland.

Tekst

Av Suttungs mjød hadde Olav drukke,
han rissa runer om naud og lukke.
Om mangt og mykje den skalden kvad,
om skog og greiner i Hylestad.

Heime var han i by og grender,
han hadde vandra langs Agders strender.
Folkelivet, han på pulsen kjende,
og skreiv i bladi om kar og kvende.

Med fargar mange han kunne teikne
so bladstoff elles det måtte bleikne.
Ja, ordi di ha han i sitt vald,
ein verdig ætling av Egil Skald.

Når folket samlast i lag og gaman,
han OSM, han var med dei saman.
Han humor spreidde i by og dal
frå Otreneset til Åseral.

Men åri dei flyg så snøgt av garde,
det er reint eit under kvar dei hev fare.
Trolldalsgubben er hard å dempe,
men også han må med alder kjempe.

Augo dei ei så godt han tener,
og gikta riv han i band og sener.
Når vener møteste, då må han skofte,
han sit og tenkjer på Tusseloftet.

Men det er kroppen som treng til staven,
inni der er han same traven.
Åndi den er som før så galen,
ho sviv og flyg oppi Setesdalen.

Når bladi talar om strid i dalen,
den gamle skalden vil med på valen.
Når omen når han frå livsens brus,
han lystig salar sin Pegasus.

Kjelde