Nybygg ved Evje kyrkje
Nybygg ved Evje kyrkje er eit pågåande prosjekt for bygging av kyrkjestove/kyrkjestoge/kirkestue, kontorer og oppgraderte gravferdstenester i Evje og Hornnes sokn. Behov for nybygg i Evje og Hornnes sokn går i hovedsak ut på at ein vil avslutte leigeforhold av møtelokale og kontorlokale, og istadenfor etablere eigne bygg for dette.
Eksisterande bygg i Evje og Hornnes sokn
- Hornnes kyrkje
- Toaletter ved Hornnes kyrkjegard
- Driftskontor/traktorgarasje ved Hornnes kyrkjegard
- Møtelokale på Hornnes bedehus (leigetakar)
- Kontorlokale på Sagatunbygget i Evje sentrum (leigetakar)
- Møtelokale i Blåkorshuset Evje og på Verksmoen (leigetakar)
- Evje kyrkje
- Toaletter ved Evje kyrkjegard
- Driftskontor/traktorgarasje ved Evje kyrkjegard
- Bårehus ved Evje kyrkjegard
- Gravemaskingarasje ved Evje kyrkjegard
Plassering av nybygg
Det er to tomter for nybygg ved Evje kyrkje som har vore i søkeljoset.
- Furulundtomta. Denne vart utreda i 2002 av eit økumenisk samarbeid og har vore påtenkt sidan 1980-talet. Tomta ligg sørvest for Evje kyrkje ved parkeringsplassen. Tomta blir også kalla trekanttomta, bedehustomta, tomta ved parkeringsplassen og brinken. Soknerådet gjorde vedtak den 9. mars 2021 om at denne tomta som ein av to tomter skulle utredast for kyrkjestoge/kontor, men då utredning vart påbegynt av komite og arkitekt den 21. juni 2021 så vart den sett til side.
- Bårehustomta. Denne vart utreda i 2021 av soknerådets komite. Tomta ligg i kyrkjegarden på nordsida av Evje kyrkje der dagens bårehus, gravplassdriftsbygning og toalett er. Soknerådet gjorde vedtak den 9. mars 2021 om at denne tomta som ein av to tomter skulle utredast for kyrkjestoge/kontor. Utredning vart påbegynt 17. juni 2021 og vart lagt fram i rapport av 4. november 2021. Den andre tomta vart ikkje utreda.
Plassering av nybygg ved Evje kyrkje starta med vedtak i sak 36/20 den 15. september 2020 som seier at "Soknerådet går primært for at det arbeides med å finne en løsning med kontor/menighetssenter i nærheten av Evje kyrkje." På dette tidspunktet var det bare furulundtomta som låg på bordet som muleg tomt.
Komite for arbeidet vart sett ned av soknerådet den 27. oktober 2020. Komiteen hadde sitt første møte den 3. november 2020, og laga eit samandrag frå dette møtet som vart lagt fram for soknerådet den 17. november 2020 i sak 60/20. Her presenterast det som ein av milepelene å utrede tomtealternativ som skulle tilbake til soknerådet for avgjersle. Dette er første gong det har oppstått eit tomtealternativ til furulunden.i dette området, og dette tomtealternativet er då bårehustomta.
Komiteen hadde møte den 9. mars 2021 der det går fram av referatet at tomteval var diskutert og at det er argument for og imot båe alternativ, og at det var semje om å få skisser på båe alternativ før ein kunne avgjere kva alternativ ein ville gå for. Med dette som grunnlag gjev soknerådet i soknerådsmøte den 16. mars 2021 fullmakt til komiteen til å utpeke og engasjere arkitekt for 200.000 kr.
Komiteen henvender seg til fire arkitektkontor og får svar av tre av desse. Asplan Viak trekte seg anbodrunden då det viste seg at komiteen no plutseleg hadde gått vekk frå furulunden som alternativ, men Basis og Hansen&Amtedal gav pris. Komiteen valde å engasjere Hansen&Amtedal . Komiteen og arkitekten hadde sitt første arbeidsmøte og synfaring den 17. juni 2021. Komiteen legg då fram ynskje om ei løysing for ny kyrkjestoge så nær Evje kyrkje som muleg til eit funksjonelt samansveisa anlegg. Komite og arkitekt vart då einige om å kun utrede tomta ved bårehuset nord for kyrkja, og ikkje utrede tomta ved furulunden sørvest for kyrkja, med mindre tomta ved bårehuset viste seg å vere urealistisk. Denne bestemmelsen vart då teken av komite og arkitekt utan fullmakt frå soknerådet eller varsling til soknerådet. Her har komiteen gått vekk frå orienteringene i soknerådet som ei utredning av to alternativer, og istadenfor å legge opp til eit sjølvstendig forsamlingshus så har komiteen begynt å tenke på ny kyrkjestove og nytt kontor som eit sambruk med kyrkja og ein utvidelse av denne, der brukarar av kontor og kyrkjestove har den same nærleiken til kyrkje som kyrkjegardsarbeidaren har.
Komiteen presenterte samandrag og skisser datert 4. november 2021 i sak 58/21 den 9. november 2021 på eit nybygg rett på nordsiden av Evje kyrkje ved bårehuset. I sitt samandrag står det at det i det første møtet mellom komiteen og arkitekten så vart det semje om å fyrst utrede alternativet ved bårehuset, og viss dette ikkje var gjennomførbart så måtte ein utrede tomt ved parkeringsplassen, men ein hadde tala med fylkeskonservatoren og fylkets kulturminneavdeling og fått positive tilbakemeldingar derifrå. Komiteen hadde også hatt møte med kommuneadministrasjonens driftsavdeling omkring tomteval. I saksdrøftingene den 9. november 2021 vart det teke opp om furulunden ved parkeringsplassen som tomtealternativ, men sidan komiteen ikkje hadde utreda dette så var det så mykje som var så uavklart at det ikkje vart gjort vedtak i saka. Komiteen ville då arrangere informasjonsmøte for kyrkjelyden den 30. november 2021 i Evje kyrkje, utan soknerådsvedtak.
I Setesdølens framside den 25. november 2021 går komiteen ut med at arbeidsgruppa vil byggje på tomta til bårehuset, ei kyrkjestoge med kontor og fleirbruksrom til 8-9 mill. Det blir i denne avisartikkelen over to heilsider ikkje nemnt noko om tomtealternativet ved parkeringsplassen og furulunden, men bare at planane på bårehustomta skulle leggjast fram på orienteringsmøte den 30. november 2021.
På informasjonsmøte den 30. november 2021 vart tomtealternativene diskutert. Soknerådsleiar leda møtet, og gav tydeleg beskjed om at det ikkje var teke noko som helst avgjerelse på val av tomt, om det skulle vere bårehustomta eller furulundtomta, på tross av at det bare var bårehustomta som var utreda og lagt fram.
I sak 66/21 den 14. desember 2021 drøfta soknerådet innspel frå informasjonsmøtet der ein såg at det var usemje om val av tomt der det var slik at dei som uttala seg ynskte bygget i furulunden ved parkeringsplassen sørvest for kyrkja. Soknerådet kom fram til at det var behov for eit møte som famna breidt, inklusiv stab, og dette såg ein føre seg i februar.
I sak 4/22 den 18. januar 2022 la komiteleiar fram ny informasjon der det skulle eit nytt redskapsbygg inn i prosjektet, og at soknerådet og staben skulle få høve til å kome med innspel. Her er det ikkje nemnt noko om tomtealternativet ved parkeringsplassen og furulunden.
Komiteen har møte med staben den 1. februar 2022 der tomtevalet blir diskutert, og der staben ynskjer at furulunden også blir utreda.
I sak 9/22 den 8. februar 2022 legg kyrkjeverje fram forslag til vedtak om at kyrkjelyden får presentert tydelige alternativ der soknerådet har avlagt innstilling, men soknerådet valde å utsetje saka.
Den 1. mars 2022 skriv gravplassarbeider eit brev, og den 8. mars 2022 skriv staben eit brev til soknerådet. Desse breva vart ikkje førelagt soknerådet.
Lokalavisa si framside skriv den 22. mars 2022 at det er tomtestrid for ny kyrkjestove. Det blir skriva i lokalavisa om sak som er utsett, men som har falt vekk, og blitt erstatta av sak om tre komiteer.
I sak 14/22 den 22. mars 2022 vart det lagt fram forslag om tre ulike komiteer, men det vart vedteke å utsetje saka til komiteen hadde informert årsmøte. Det var fleire dokument som ikkje vart lagt med møtet, som omhandla tomtealternativ.
Lokalavisa skriv den 24. mars 2022 at det er heilt avgjerande at det blir semje om tomtevalet, og det er innlegg i lokalavisa den 29. mars 2022. Same kvelden er det årsmøte der det er usemje om tomteval, der dette av komiteen blir omtalt som støy og skriverier av trøblete art.
I sak 24/22 den 26. april 2022 vedtek soknerådet komiteens teikningar for bårehustomta utan utredning av furulundtomta, med 5 mot 3 stemmer
Komiteen
Det har vore fleire komitenemningar med ulike personer i sving for å få nybygg ved Evje kyrkje.
- Evje og Hornnes sokneråd hadde den 27. oktober 2020 ei sak om å etablere ei arbeidsgruppe for lokaler for menighetsarbeid. Det vart då lagt fram forslag og vedteke å setje ned ein byggekomite som skulle få avklaring og framdrift på ei løysing for kontor og menighetssenter i nærleiken av Evje kyrkje. Komiteen skulle bestå av arbeidsutvalet sine tre medlemer og sekretær, samt soknerådsmedlem Kristin Erstad som leiar av byggekomiteen. Arbeidsutvalet på det tidspunktet besto av leiar Lindy Eidem, nestleiar Eldbjørg Hagen og prest Rune Stormark, med kyrkjeverje Sjur Høgetveit som sekretær.
- Byggekomiteen presenterte seg på soknerådsmøte den 17. november 2020 som eit utvalg og ein utredningskomite.
- Komiteen har møte den 9. mars 2021 og er då ein prosjektkomite.
- Komiteen blir i avisinnlegg den 3. mai 2021 omtalt bare som komite og det blir det vanlege namnet framover.
- I februar 2022 slutter sokneprest Rune Stormark, og Hilde Nordhagen trer inn som sokneprest.
- I soknerådsmøte 17. november 2022 blir Eldbjørg Hagen og Kristin Erstad blir nestleiar, og då går Lindy Eidem formelt sett ut av komiteen.
- Soknerådet gav den 17. oktober 2023 fullmakt til Rune Stormark, Øyvind Kjetsaa og Kristin Erstad om å forhandle med kommunen om tilskot til nybygg.
- I soknerådsmøte med nytt sokneråd den 7. november 2023 vart Emma Kristine Leesland valt som leiar og Kari Undeland Heisel vart valt som nestleiar. Dermed besto komiteen av desse to pluss Kristin Erstad, Hilde Nordhagen og Sjur Høgetveit.
- I januar 2025 slutter Hilde Nordhagen, og Rune Stormark trer inn i sokneprestfunksjonen som prost.
- Den 18. mars 2025 gjer soknerådet vedtak om å gjere om prosjektkomiteen til byggekomite, og det er då andre gong ein bruker denne nemninga. Den 10. april 2025 gjerast det vedtak om at prosjektkomite går over til å bli fast byggekomite, der ein kan utvide med ein ekstra person som gjerne er byggkyndig.
Informasjon unnateke offentlegheit
Saksgong ved nybygg ved Evje kyrkje er offentleg tilgjengeleg, men det har vorte sett nokre begrensninger.
- Det står i sak 17/21 at referat frå komiteen sitt møte den 9. mars 2021 er unnateke offentleghet, men referat frå komiteen er likevel attgjeve i referat frå soknerådsmøtet. I sak 22/21 er det skildra som saksbehandlingsfeil at komiteens referat ikkje vart gjeve soknerådsmedlemene før under sjølve møtet.
Fullmakter frå Evje og Hornnes sokneråd
Avgjersler i Evje og Hornnes sokn er det i all hovedsak soknerådet som står for, men det er vidt høve til å gjeve fullmakter til andre.
- Sak 17/21 den 16. mars 2021 gav fullmakt til komiteen til å velje arkitekt for eit forprosjekt for nybygg ved Evje kyrkje. Fullmakt gjaldt også å inngå avtale med arkitekt. Denne fullmakt gav også føring for val av arkitekt ved gjennomføring. Fullmakt gjaldt innanfor ei ramme på maksimalt 200.000 kr.
Utredningskostnader
Kostnader med utredning har auka jamnt og trutt gjennom prosjektet med nybygg ved Evje kyrkje.
- Sak 17/21 den 16. mars 2021 sette ei ramme på 200.000 kroner, og denne vart kontoført i sak 22/21.
Kyrkjelydsmøter
- Under eventuelt sak 44/21 berammast det årsmøte den 2. november kl 19, der det vil bli orientering om nybygg ved Evje kyrkje.
- Sak 52/21 utset årsmøtet for 2020 til ein har meir klare planer for nybyggprosjektet ved Evje kyrkje, sannsynligvis i slutten av november.
- Sak 58/21 skildra at komiteen skulle arrangere informasjonsmøte den 30. november 2021 utan noko vedtak i soknerådet.
- Det arrangerast kyrkjelydsmøte den 29. mars 2022.
Tidslinje til og med 2019
- Evje kyrkje omtalast fyrste gong i skriftlige kjelder i 1328, og prestegarden fyrste gong i 1668
- I 1660 vart ei Evje stavkyrkje ombygd
- I 1828 vart Hornnes kyrkje bygd
- I 1834 vart truleg Evje stavkyrkja reven og
- I 1835 vart ny Evje kyrkje reist, som sto fram til ny Evje kyrkje i 1891
- 16. desember 1891 vart Evje kyrkje vigsla.
- På 1930-talet vart bårehuset på Evje bygd.
- På 1980-talet var diskusjon om bygg for kyrkjestoge/bedehus, og Evje sokneråd hadde lufta temaet på sine møter nokre gonger. Bårehus vart bygd, eller iallefall utvida.
- På 1990-talet vart Evje prestegard nytta til føremålet då den var ubebudd.
- 13. mars 1997 vart det vedteken reguleringsplan for Evje kirke, i K-19/97, og den vart signert at Svein Tallaksen og J.Drivdal den 16. desember 1996.
- 11. april 1999 vart det reist spørsmål på årsmøtet i Evje sokn om å bygge eit kombinera bedehus og menighetshus.
- I oktober 2000 hadde bedehusstyret søkt kommunen om tomt.
- I februar 2002 samarbeida dei kristne organisasjonen for å lage eit fellesbygg, enten på bedehuset i Evje sentrum, eller på ny tomt. Dei hadde vore på synfaring på to stader på Evje, den eine var trekanttomta ved Evje kyrkje og den andre var Kraftverket/Kjersti Park.
- 10. april 2002 var det informasjonsmøte på Tryggheim bedehus omkring bygging av nytt bedehus som skulle vere eit felles bygg med kyrkja og fleire kristne organisasjoner. Møtet starta med tomtebefaring til dei tre byggealternativa, deriblant til det som då vart kalla trekanttomta ved Evje kyrkje på 5,4 mål. Harald Kleggetveit hadde ordna denne tomta ved kyrkja for bygging, og hadde hatt møte med kommunen og kyrkja, der kommunen ville overdra tomta vederlagsfritt. Ulempa var avstand på 2 km frå sentrum. Dei to andre alternativa låg i sentrum, og møtet avslutta med at ein skulle arbeide vidare med tomteval. På trekanttomta vart Evje Bygg engasjera til å teikne eit mulig prosjekt, og då laga seinare byggekomiteleiar Kristin Erstad teikninger av denne, og kjenner difor tomta veldig godt.
- 1. januar 2012 vart Evje sokn og Hornnes slege saman til Evje og Hornnes sokn og hadde kontoret sitt på Sagatunbygget i sentrum, med leige av møterom blant anna på Hornnes bedehus og Blåkorshuset på Evje. Evje bedehus hadde gått for å bygge for seg sjølv i Evje sentrum.
- 25. november 2016 skriv Ingvar Østerhus ein artikkel i Setesdølen om Evje kyrkje og at det hadde vore greit med eit kyrkjelydshus.
- I oktober 2018 så undersøkte ein moglegheit for å inngå avtale med Evje nye bedehus, og moglegheit for bygg 033 på Evjemoen
- I februar 2019 kom også dette opp i soknerådet. Dette endte med at det ikkje var mogleg å inngå avtale verken med Evje bedehus eller på Evjemoen. Soknerådet arbeidde då med tanken om eit nybygg.
Tidslinje år 2020
- 15. september 2020: Sokneråd (sak 36/20) gjer vedtak om lokale for kontor og kyrkjelydsarbeid.
- 27. oktober 2020: Sokneråd (sak 50/20) gjer vedtak om etablering av arbeidsgruppe for lokale for kyrkjelydsarbeid.
- 11. november 2020: Komite har befaring ved Hægebostad menighetssenter der Lindy, Rune, Eldbjørg og Kristin møtte, mens Sjur hadde forfall. Komite hadde også eit møte i tillegg til dette.
- 17. november 2020: Komite orienterer sokneråd (sak 60/20) i sak om oppfylgjing av prosjekt nybygg ved Evje kyrkje der byggekomiteleiar informerte om sitt fyrste møte i komiteen, om synfaring i Hægebostad, og om milepælar som gjaldt bygningsfunksjon, tomtealternativ, tilbydarar, kostnadsoverslag og finansiering.
Tidslinje år 2021
- 16. februar 2021: Komite orienterer sokneråd (sak 7/21) om status på nybygg, at det må utarbeidast skisser som skal godkjennast av bispedøme, og at ein må gjennom romkrav ein gong til.
- 9. mars 2021: Komite har møte der tomteval blir diskutert. Referat frå møtet er unnateke offentleghet og blir ikkje sendt ut til soknerådsmedlemene.
- 16. mars 2021: Sokneråd handsamer sak om oppdatering nybygg (sak 17/21) der referat frå 9. mars blir lagt fram på møtet og komiteen får med 7 mot 1 stemme fullmakt til å velje og inngå avtale med arkitekt, samt å bruke 200.000 kr.
- 20. april 2021: Sokneråd handsamer sak om budsjettrevisjon på forprosjekt nybygg (sak 22/21) og då blir det beklaga at referatet frå 9. mars 2021 var unnadrege offentleghet, og ikkje levert ut til soknerådsmedlemene ved innkallinga.
- 3. mai 2021: Ingvar Østerhus skriv i Setesdølen at soknerådet har valt ein komite til å sjå om det er mogleg å få til eit kyrkjelydssenter nær Evje kyrkje, fordi soknerådet treng eit bygg med kyrkjekontor og møterom samt undervisningsrom for trusopplæring og konfirmasjonsførebuing.
- 14. september 2021: Sokneråd berammer (sak 44/21) årsmøte for 2020 den 2. november 2021. Omtalt i fylkeskommunens brev den 5. desember 2023.
- 12. oktober 2021: Sokneråd handsamer sak om årsmøte for 2020 (sak 52/21) og gjer vedtak om å utsetje årsmøtet.
- 15. oktober 2021: Komite og arkitekt har møte og synfaring med Agder fylkeskommune ved Margarita Hornung, der nytt servicebygg blir diskutert.
- 4. november 2021: Komiteen v/Kristin Erstad sender samandrag og skisser til soknerådet.
- 9. november 2021: Sokneråd blir orientert om forprosjekt - kyrkjestove (sak 58/21), og får utdelt ein stor presentasjon på mange ark. Soknerådet gjer ikkje vedtak på dette, men komiteen skal ta ansvar for eit foreslått informasjonsmøte den 30. november.
- 25. november 2021: Arbeidsgruppa står fram i lokalavisa Setesdølen med at det skal byggjast ei kyrkjestove til 8-9 millioner på tomta til bårehuset.
- 30. november 2021: Prosjektkomiteen held informasjonsmøte.
- 14. desember 2021: Sokneråd har sak (sak 66/21) om oppfølging av informasjonsmøte om nybygg. Det blir ikkje gjort vedtak, men orientert om at det var mange positive tilbakemeldinger om arbeidet så langt, men at det er uenighet om valg av tomt. Det er innspel på økonomisk realisme. Soknerådet meiner det er behov for eit møte som famner breidt, med blant anna stab, og at soknerådet berammer dette i februar.
Tidslinje år 2022
- 18. januar 2022: Evje og Hornnes sokneråd blir informert av Kristin Erstad (sak 4/22) om ein ny uforpliktande kalkyle og at redskapsbygg skal inn i prosjektet. Forslag til vedtak anslås til å kome på møte i mars. Soknerådet må gjerne kome med innspel til kriterier og forutsetninger, og komiteen skal ha møte med staben for at staben skal få kome med innspel i samsvar med ein hovedavtale.
- 1. februar 2022: Komite har møte med dei ansatte v/Thorbjørn, Åse og Maria, der det vart drøfta problemstilling og ulike behov, og dei ansatte uttrykte klart at Furulunden var å foretrekke, og burde vore betre utreda.
- 8. februar 2022: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om beslutningsprosess på nybygg (sak 9/22). Kyrkjeverje har innstillt på at blir halde eit soknemøte som treffer rådgjevande vedtak om maksimalt lånebeløp og val av tomt, der det blir lagt fram tydelege alternativ som må jobbast meir med. Soknerådet stemmer ned dette framlegget og gjer vedtak om utsetje saka. Referat frå dette soknerådsmøtet måtte tilbakekallast og sendast ut på nytt i soknerådsinnkalling i mars med forbetringar.
- 1. mars 2022: Staben sender eit skriv til soknerådet som ikkje kjem fram
- 8. mars 2022: Staben sender endå eit skriv til soknerådet som heller ikkje kjem fram.
- 22. mars 2022: Evje og Hornnes sokneråd blir innkalt til soknerådsmøte med nytt referat frå forrige møte. Det er lagt fram sak om nybygg ved Evje kyrkje (sak 14/22) med orientering og forslag til intensjonsvedtak frå prosjektkomite. Forslag er ein intensjon basert på vedlagte teikningar, og det foreslås tre nye komiteer, og at soknerådet informerer om dette på komande årsmøte. Prosjektkomiteen la fram ulike argument for tomteval, der bårehustomta skora på samla anlegg, god sambruk, fleksibilitet, og betre økonomi med bare eit toalett og kjøkken og felles område, og prosjektkomiteen meinte dette var best. Furulunden skora på utvidelsesmuligheter, uteområde, avstand til kyrkjegard, parkering samt mulighet for sal av bygget. Det var her bare laga teikninger av bårehustomta. Ingvar Østerhus skriv i Setesdølen om at det er mange dokument som ikkje vedlagt i saka, det er protokoll frå møte i arbeidsutvalet 15. mars, og skriv frå stab/tilsette den 8 mars, og tilleggsskriv frå gravar/kyrkjetenar datert 1. mars. Ingvar Østerhus skriv at det er langt verre at utsetjingsforslaget om kyrkjelydsmøte frå 8. februar er ikkje sett opp på dagens soknerådsmøte, og at det må bety av soknerådsleiaren har bestemt at det ikkje skal behandlast. Einar Uleberg fekk protokollført at det mangla papir i innkallinga, og at den utsette saka må takast med i dagens sak (sak 14/22). Komiteens forslag vart ikkje stemt over, men Kristin Erstad la fram forslag om å utsetje saka til soknerådets møte i april, og at prosjektkomiteens arbeid og vedtaksforslag blir informert om på årsmøte. Dette forslaget vart einstemmig vedteke. I sak om årsmøte for 2021 den 29/3 vart det vedteke årsmøte på Hornnes bedehus den 29 mars med enkel bevertning og orientering og samtale om kyrkjestove.
- 24. mars 2022: Setesdølen skriv leiarartikkel om tomtestrid om det planlagde nybygget. Årsmøte annonserast.
- 29. mars 2022: Setesdølen skriv om Lars Reidar Vasland som ynskjer Furulunden-tomta. Setesdølen refererer også frå soknerådsmøtet. Årsmøte på Hornnes bedehus.
- 26. april 2022: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om nybygg ved Evje kyrkje med orientering og forslag til intensjonsvedtak frå prosjektkomite (sak 24/22), og dette er omtrent det same som forslaget den 8. februar. Kyrkjetenar Thorbjørn Leifsen vart inhabil, og Joyce Moseid fekk stemmerett. Kommunens representant Lars Reidar Vasland ynskte saka tilbake til administrasjonen for utredning av Furulunden. Lindy Eidem ville ha det protokollført at ho vile ha det klarlagt kva det betyr å sende tilbake til administrasjonen når den er med i prosjektkomiteen. Komiteens forslag vart vedteke med 5 mot 3 stemmer.
- 5. mai 2022: Setesdølen skriv om kommunens stønader til bedehus og kyrkjestove.
- 31. mai 2022: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om komiteer for nybygg ved Evje kyrkje (sak 29/22). Det vart gjort vedtak om oppretting av økonomikomite for å skaffe økonomisk fundament for nybygget. Lindy Eidem, Rune Stormark, Øyvind Kjetså og Kristin Erstad vart vald inn i komiteen, med moglegheit for utvidelse. Kyrkjeverje Sjur Høgetveit er sekretær for økonomikomiteen.
- 20. juni 2022: Komiteen, ordførar, kommunedirektør og kyrkjeverje hadde befaring ved Evje kyrkje utan staben, der komiteen hadde sagt at staben ynskjer å ha alt som det er. Kyrkjeverje seier dette vidare til stab, og i epost 25. august 2022 påpeker staben overfor ordføraren at komiteen har feilinformert ved å seie at staben vil ha det slik det er, og sendte då til ordføraren uttalelsen frå 1. og 8. mars 2022 som komiteen fekk soknerådsleiar til å ikkje vise soknerådet. Ordføraren svarer då at "Kommunen ser behovet for en opprustning av bygningene i tilknytning til kirken og håper soknerådet klarer å gjøre noe med dette, slik at man i fremtiden får bedre løsninger enn i dag. Dette gjelder spesielt kjølerom/visningsrom/stellerom og behovene i tilknytning til begravelser."
- 25. august 2022: Epostveksling mellom stab og ordførar omkring møtet den 20. juni 2022 og stabens uttalelse 1. og 8. mars 2022.
- 6. september 2022: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om søknad til kommunen om tilskot til nybygg ved Evje kyrkje (sak 37/22). Komiteen legg fram finansieringsplan og forslag til vedtak. Komiteens søknadsforslag vart vedteke med justeringer i tilskot og lånefinansiering.
- 17. november 2022: Evje og Hornnes sokn orienterast om eigedomsoverdragingar rundt Evje kyrkje frå OVF til DNK (Sak 62/22). Soknerådet vel ny leiar, Eldbjørg Hagen, og ny nestleiar, Kristin Erstad.
- 29. november 2022: Setesdølen skriv om at formannskapet behandler stønad om 2,7 mill til kyrkjestove. Formannskapet handsamer søknad om tilskot til nybygg ved Evje kyrkje (sak PS 59/22), og gjer samrøystes vedtak om tilskot via investeringsbudsjett på 2,5 mill og via driftsbudsjett på 0,2 mill, med vilkår om at prosjekt blir realisert og avtale om utbetalingsplan.
- 6. desember 2022: Evje og Hornnes sokneråd orienterast om kommunens handsaming av driftsbudsjett for 2023 og søknad om tilskot til nybygg (sak 69/22).
- 15. desember 2022: Kommunestyret i Evje og Hornnes kommune handsamer sak om søknad til tilskot til nybygg ved Evje kyrkje (sak PS 117/22) og gjer vedtak med 18 mot 3 stemmer om stønad på 3,2 mill til kyrkjestove, derav 0,7 mill frå driftsbudsjett, med vilkår om at prosjekt blir realisert og avtale om utbetalingsplan.
- 22. desember 2022: Setesdølen skriv om at formannskapet yter 3,2 mill til kyrkjestove.
Tidslinje år 2023
- 17. januar 2023: Evje og Hornnes sokneråd let seg orientere om vedtak i kommunestyret og vegen vidare. Det vert ikkje gjort vedtak, men saka fylgjast opp av komiteen.
- 31. januar 2023: Evje og Hornnes sokneråd handsamer vidare saksgong på nybygg (sak 18/23). Kyrkjeverje hadde framlegg til vedtak om utarbeiding av ny kalkyle og investeringsplan som skal tilbake til soknerådet, samt at det skal arbeidast med å samle eksterne midler, og detaljering av planer i samarbeid med brukarar. Arbeidsutvalet la fram alternativt framlegg til vedtak på at soknerådet bevilger 0,4 mill til ferdigstilling av teikningar, søknader og anbodsgrunnlag, via arkitekthonorar og eksterne konsulenter, kosta av disposisjonsfond. Arbeidsutvalets framlegg vart samrøystes vedteke.
- 16. februar 2023: Prosjektkomite har møte med arkitekt, og det skrivast referat frå møtet.
- 7. mars 2023: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om vidare framdrift i arbeidet med nybygg og gjevarteneste (sak 26/239. Komiteleiar Kristin Erstad fortel om møte mellom prosjektkomiteen og arkitektfirma, og prosjektleiar for innsamling på bispedømekontoret Tore Gullaksen er invitert for å informere om gjevarteneste. Soknerådet vedtek kyrkjeverje sitt framlegg om å ta informasjonen til etterretning.
- 12. april 2023: Prosjektkomite har møte med arkitekt Trygve Hansen i Arkitekt Amtedal og Hansen AS. Det blir skriva referat om teikningar, og det blir referert at brukarmedverknad er gjennomført, og at prosjektkomiteen har samla og drøfta innspela frå brukarane.
- 18. april 2023: Evje og Hornnes handsamer sak om forholdet mellom råd og kyrkjeverje (sak 34/23), og kyrkjeverje innstiller på at informasjon blir teke til etterretning og at saka blir drøfta i felles møte mellom gamalt og nytt sokneråd. Vidare handsamer soknerådet sak om brukarmedverknaden ved nybygg ved Evje kyrkje (sak 35/23). Det informerast om to parallelle løp, økonomi og teikninger. Om økonomi så har det kome tilskot frå Evje og Hornnes sparebank på 0,5 mill. Om teikninger så har det vore brukermedverknad, og komiteen har teke med seg innspela frå brukarane vidare i arbeidet. Det blir diskutert inhabilitet hjå verneombod, og om at verneombod skal kome med uttalelse til Arbeidstilsynet, samt at teikningar frå arkitekt skal tilbake til soknerådet for godkjenning. Soknerådet gjer vedtak om å ta informasjon til etterretning. Vidare handsamer soknerådet sak om reglement for prosjektgjennomføring (sak 36/23), og det gjerast samrøystes vedtak på at komiteleiar Kristin Erstad sitt framlegg til prosjektgjennomføringsreglement blir teke til etterretning, og at saka blir teke opp att før byggekomite blir utnemnd. Vidare blir handsama sak om utnemning av prosjektkomite (sak 37/23), men der blir det gjort vedtak om at saka strykast. Endå vidare blir det handsama sak om oppdatert informasjon om økonomien i prosjektet (sak 38/23), og der blir gjort vedtak om at informasjon om oppjustert budsjett og finansieringsplan utarbeida av komiteleiar blir teke til etterretning.
- 6. juni 2023: Prosjektkomiteen hadde møte med arkitektfirma Amtedal & Hansen Arkitektkontor AS med presentasjon av korrigera teikningar, gjennomgang av materialval, forutsetninger for anbodsgrunnlag, vedtak om utkast til anbodsgrunnlag, og tidsplan for vidare framdrift. Prosjektkomiteen utarbeider framlegg til soknerådsvedtak om at desse endelege teikningar blir vedtekne og lyser ut nybygg ved Evje kyrkje på offentleg anbod, med anbodsfrist 10. august og byggestart 15. september.
- 13. juni 2023: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om anbodsutlysning av nybygg ved Evje kyrkje (sak 47/23). Kyrkjeverje legg fram prosjektkomiteens innstilling til vedtak, og tilføyer at byggesak skal godkjennast av kommune, fylkeskommune, statsforvaltar i Vestfold og Telemark og Arbeidstilsynet. Kyrkjeverje tilføyer vidare at låneopptak må godkjennast av bispedømet. Kyrkjeverje presiserer at anbodsutlysninga må innehalde forbehald om nødvendige godkjenningar og tilstrekkeleg finansiering i soknet. Prosjektkomiteens framlegg vart vedteke utan endringar med 6 mot 1 stemme. Motstemma fekk protokollert at ein stemte mot anbodsutlysning fordi prosjektet blir for økonomisk krevande for kyrkjelyden.
- 22. august 2023: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om framdrift på byggeprosjekt (sak 51/23), med vedlagte teikningar og utkast på prosjekt kirkestue, lagt fram av soknerådsleiar Eldbjørg Oterholt Hagen.
- 8. september 2023: Kommunen innvilger søknad om auka tilskot til nybygg.
- 26. september 2023: Evje og Hornnes sokneråd får orientering om innkomne tilbod på kirkestue (sak 62/23). Saka er midlertidig unnateke offentleghet grunna konkurransesituasjonen, og saka vart drøfta for lukka dører.
- 17. oktober 2023: Evje og Hornnes sokneråd får orientering frå komiteen om utvikling på nybygg (sak 72/23), unnateke offentleghet grunna konkurransesituasjon. Det vart gjort samrøystes vedtak om at Rune Stormark, Øyvind Kjetsaa og Kristin Erstad får fullmakt til å forhandle med kommunen om å auke investeringstilskotet til nybygget.
- 31. oktober 2023: Soknet søker kommunen om ytterligare auka tilskot til nybygg.
- 7. november 2023: Evje og Hornnes sokneråd har konstituerande møte etter soknerådsval, og vel Emma Kristine Leesland som leiar og Kari Undeland Heisel som nestleiar (sak 83/23).
- 16. november 2023: Prosjektkomiteen v/Lindy Eidem, Øyvind Kjetsaa, Kari Undeland og Sjur Høgetveit har møte om økonomibesparelse og om gjevarteneste og organisering av prosjektet.
- 5. desember 2023: Agder fylkeskommune ved Margarita Hornung sender uttalelse. Viser til møte 15. oktober 2021.
- 13. desember 2023: Evje og Hornnes sokneråd får orientering om nybygg ved Evje kyrkje (sak 88/23). Det gjevast punktvis resyme frå fortid og om vidare framdrift opplysast at soknerådet må ta stilling til om det skal arbeidast vidare med prosjektet, og det informerast om økonomi. Kristin Erstad la fram framlegg til vedtak under forutsetning av positivt vedtak i kommunen den 14. desembmer, at arkitekt utarbeider nytt anbudsdokument, innsigelser takast på soknerådsmøte i januar, arkitekt fylgjer opp rammesøknad på nybygg, og anbudsforløp bestemmast på soknerådsmøte i januar, samt at soknerådet arbeidet med informasjonsstrategi, gjevarteneste og tilskot, og at administrasjon bes innhente informasjon frå andre sokn. Dette vart vedteke med 7 mot 1 stemme. Vidare handsamer soknerådet sak om avklaring av rammer for tomt til nybygg (sak 89/23), og kyrkjeverje innstiller til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark uttaler seg om rammene for prosjektet før ny anbudsutlysning eller andre kostnader. Kristin Erstad kom med motforslag om at avklaring med Statsforvaltar blir gjort i rammesøknad. Kyrkjeverje sitt forslag fekk 5 stemmer og Kristin Erstad sitt forslag fekk 3 stemmer.
- 14. desember 2023: Kommunen handsamer behandler budsjett med løyvinger til soknet.
- 15. desember 2023: Arkitekt ønsker forhåndsgodkjenning av ein vann og avløpsplan.
Tidslinje år 2024
- 12. januar 2024: Statsforvalteren i Agder sender ein tilbakemelding.
- 23. januar 2024: Evje og Hornnes sokneråd blir orientert om søknad til Statsforvaltaren om nybygg (sak 4/24). Kyrkjeverje foreslår at ein tek til etterretning at det er soknet har to prosjekt som båe krev godkjenning av Statsforvaltaren, det gjeld nybygg ved kyrkja, og det gjeld flytting av driftsbygning og nytt anleggsområde. Kristin Erstad la fram tilleggsforslag om at det allereie er sendt rammesøknad til kommunen frå arkitekten, og at det kallast inn til mellom prosjektkomite, arbeidsutval og arkitekt i veke 5 for å avklare framdrift. Emma Kristine Leesland foreslo at KA blir med på møtet i veke 5. Bianka Hiis Uleberg foreslo å stryke at rammesøknad allereie er sendt til kommunen. Bianka Hiis Uleberg sitt forslag fekk 1 stemme, og Kristin Erstad og Emma Kristine Leesland sitt forslag fekk 7 stemmer. Vidare handsama soknerådet orientering om skisser for nytt anleggsområde for gravplassdrifta (sak 5/24) og kyrkjeverja foreslo å bevilge 90.000 kr til ny gravplassplan og teikningar for ombygd driftsbygning. Lars Reidar Vasland sette fram motforslag om å utsetje sak. Utsetjing av saka vart samrøystes vedteke. Vidare handsama soknerådet vidare saksgang for anbudsutlysning for nybygg i samsvar med vedtak den 13. desember (sak 6/24) og kyrkjeverja foreslo å arbeide med gravplassplan og driftsbygning, foreta nødvendige søknader, pengeinnsamling med forutsetning om godkjenning og finansiering, og at anbudsutlysning forutsetter godkjenninger og finansiering. Kristin Erstad sette fram motforslag om at arkitekt utarbeider nytt anbudsforslag med kostnadsreduksjoner, og at arkitekt følger opp rammesøknad på nybygg, samt at anbudet lysast ut på nytt når rammesøknad er godkjent, og at anbudsfrist og byggestart blir vedteke på soknerådsmøte i februar, saman med arbeid med informasjon og gjevarteneste, og innhenting av informasjon frå andre sokn. Kristin Erstad sitt motforslag vart einstemmig vedteke. Vidare handsamer soknerådet sak om val av prosjektkomite for nybygg (sak 7/24) der kyrkjeverje anbefaler ein komite som ikkje utgjer fleirtalet av soknerådet. Det blir her gjort vedtak om at Emma Kristine Leesland og Lars Reidar Vasland går inn i prosjektkomiteen.
- 31. januar 2024: Komiteen ved Kristin Erstad, Lars Reidar Vasland, Øyvind Kjetså og Emma Kristine Leesland, arbeidsutvalet ved Emma Kristine Leesland og Kari Undeland Heisel, arkitekt ved Trygve Hansen og KA ved Øystein Dahle har møte om kva som krevast frå arbeidstilsynet til rammesøknad, og om byggesøknad for driftsbygning og om søknad til Statsforvaltaren som gjeld nytt anleggsoråde, dispensasjon frå kulturminnelova, søknad til Statsforvaltaren, og uttalelse frå fylkeskommunen og bispedøme.
- 6. februar 2024: Søknad om reguleringsplan frå arkitekt på vegne av sokn vart sendt ut på høyring. Kom som sak 88/24 den 17. oktober i planutvalet.
- 15. februar 2024: Evje og Hornnes sokneråd let seg orientere om komiteens møte (sak 13/24) og gjer vedtak om å ta den til etterretning. Vidare handsamer soknerådet skisser for nytt anleggsområde for gravplassdrifta (sak 14/24) og gjer vedtak om å godkjenne framlagde skisser. Atter vidare handsamer soknerådet sak om informasjonsstrategi for finansiering av nybyggprosjektet i samsvar med møte den 13. januar. Tore Gullaksen heldt innlegg, og det skulle utarbeidast eit notat i etterkant. Vidare vart det under eventuelt (sak 18/24) foreslått av Kristin Erstad at anbudsfrist og byggestart vart utsett til neste møte i påventa av avklaringer om rammesøknad.
- 15. februar 2024: Statsforvalteren i Agder har innspel, ifylgje Statsforvalteren i Vestfold og Telemark sitt brev 25. juni 2024.
- 19. februar 2024: Biskop uttaler seg om søknad til reguleringsplan
- 27. februar 2024: Agder fylkeskommune har ein tilbakemelding, i tillegg til 4. mars, som Statsforvalter tiltrer 15. mars.
- 1. mars 2024: Prosjektkomiteen har møte der ein ser for seg vedtak i sokneråd den 12. mars, anbudsutlysning før 1. april med frist 1. mai, kontrakt med entreprenør den 14. mai og byggestart same dato, med riving som dugnadsarbeid, og rask framdrift for å hindre prisstigning.
- 4. mars 2024: Fylkeskommunen ved Hornung ? sender brev/innsigelse til søknad om reguleringsplan på høyring den 6. februar.
- 4. mars 2024: Fylkekommunen ved Silje Utne Bjørke sender også innspel
- 6. mars 2024: Fylkeskommunen sender innsigelse til Statsforvalter, og har telefonsamtale.
- 7. mars 2024: Agder fylkeskommune skal ifølge brev 13. mai 2024 ha fått søknadom å oppføre nytt servicebygg/kirkestue.
- 12. mars 2024: Setesdølen skriv ein leiarartikkel om at det ikkje er greit å skrive kirkestue. Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om anbudsutlysning og dato for byggestart (sak 23/24). Uttalelse frå Fylkeskomunen brakte fram forslag frå kyrkjeverje om å vente med anbudsutlysning til godkjenning og finansiering er på plass, og forslag frå Kristin Erstad om å utsetje anbudsutlysning til ekstraordinært soknerådsmøte som haldast når alle innspel om rammesøknad er motteke av kommunen. Kristin Erstad sitt forslag vart samrøystes vedteke. Vidare handsama soknerådet sak om finansieringsplan for nybygg (sak 24/24) med framlegg til vedtak om at den blir godkjent. Saka vart samrøystes utsett. Det låg føre to forskjellige kalkyler, ein frå kyrkjeverje og ein frå Kristin Erstad. Vidare handsama soknerådet sak om oppfylgjing av informasjonsstrategi for finansiering av nybygg (sak 25/24), med forslag om at kunngjering og brosjyre leggjast fram for soknerådet til godkjenning. Dette vart vedteke med tillegg om at det må justerast med vidare behandling av saka.
- 15. mars 2024: Statsforvalteren i Agder sender innspel til reguleringsplan på høyring 6. februar
- 21. mars 2024: Synfaring med Fylkeskommunen. Vegen vidare er reguleringsplan, gravplassplan og byggesak. Margarita Hornung som rådgjevar for seksjon for nyere tids kulturminner møter opp på synfaring, og semje på dette møte blir presentert i epost 18. april.
- 8. april 2024: Prosjektkomite har møte med gjennomgang av krav frå Fylkeskommunen.
- 14. april 2024: Fortidsminneforeningen ber om innsyn i saksdokumenter i sakene 2023/820 om søknad om endring av reguleringsplan.
- 14. april 2024: Kommunen svarer fortidsminneforeningen om at planendringssøknad var mangelfull og Amtedal og Hansen Arkitektkontor AS var bedt om å utarbeide ny, og det er semje om at fortidsminneforeningen kontakter arkitekt for innspel.
- 15. april 2024: Fortidsminneforeningen kontakter arkitekt/ansvarlig søker og ber om søknad med saksdokumenter, kopi av andre innspel og informasjon om høyringsfrist ut ifrå at fortidsminneforeningen ville kome med innspel.
- 16. april 2024: Agder fylkeskommune ved arkeologi ved Ann Monica Jensen Bueklev sender innspel.
- 17. april 2024: Fortidsminneforeningen sender epost til kommunen om at arkitekt ikkje har svart, og ynskje om å bli inkludert, men kommunen svarer ikkje på denne eposten. Arkitekt svarer heller ikkje, og det er ikkje livsteikn frå verken kommune eller arkitekt før 1. oktober 2024. Arkitekt Trygve Hansen sender reviderte teikninger til Margarita Hornung i Agder Fylkeskommune.
- 18. april 2024: Agder fylkeskommune ved Margarita Hornung har epostveksling med kommune og arkitekt, og sender epost til kommune og arkitekt om fylkeskommunen ikkje har innvendinger om føreslege servicebygg blir oppført i tråd med synfaring 21. mars, planteikning og situasjonsplan 17. april, og fasadeteikning 18. april.
- 19. april 2024: Evje og Hornnes sokn gjev ut ein folder "Bli kirkebygger".
- 23. april 2024: Evje og Hornnes sokneråd handsamer orientering om møte med fylkeskommunen og konsekvenser for nybyggprosjektet (sak 33/24). Kyrkjeverje foreslo at soknerådet tek informasjon til etterretning, får forelagt nye teikninger og utreda økonomiske konsekvenser. Kristin Erstad hadde motforslag om at soknerådet tek informasjon til etterretning og godkjenner vedlagte teikningar og at mindre endringar meldast inn til arkitekt. Vidare handsamar soknerådet finansiering av videre utredningskostnader av nybyggprosjektet (sak 34/24) ettersom kostnadene er hågare enn forventa, og det foreslås ny ramme på 850.000 kr, som blir vedteke. Så handsamer soknerådet finansieringplan for nybygg og driftsbygg og søknad om garanti (sak 35/24) med forslag om at ein godkjenner opptak av 7,0 mill i lån over 40 år, og 0,287 mill i året som finansierast ved giverteneste, samt kommunal garanti. Kristin Erstad hadde motforslag med 8,675 mill i lån over 50 år, og at årleg meirkostnad på 350.000 kr finansierast ved auka festeavgift, besparelser drift samt gjevarteneste, og at eventuelle auka tilskot reduserer lån og meirkostnad pr år. Kristin Erstad sitt motforslag vart vedteke med 5 mot 3 stemmer. Bianka Hiis Uleberg stemte mot båe forslaga på grunn av håg risiko. Vidare handsama soknerådet anbudsutlysning og byggestart (sak 36/24) og her vedtok soknerådet med 7 mot 1 stemme at arkitekt utarbeider anbudsgrunnlag, at prosjektkomite får fullmakt til å godkjenne anbudsgrunnlag, å innarbeide kuttforslag, at anbud lysast ut så snart dette er gjort, og at arkitekt følger opp rammesøknad og gravplassplan snarast muleg.
- 13. mai 2024: Agder fylkeskommune ved Ann Monica Bueklev sender ein innvilga søknad til Evje og Hornnes sokn.
- 21. mai 2024: Evje og Hornnes sokneråd handsamer orientering (sak 43/24) om at det er behov for å leige eit areal av OVF. Det gjerast vedtak om å ta dette til etterretning. Vidare handsamer soknerådet driftsbygning og anleggsområde for gravplass (sak 44/24) der det gjerast vedtak om leige av OVF der arbeidsutvalet får fullmakt til å ta avgjerelse.
- 11. juni 2024: Revidert søknad om godkjenning av plan for endring av Evje kirkegård.
- 18. juni 2024: Evje og Hornnes sokneråd handsamer ny gravplassplan på Evje kyrkjegard (sak 52/24) og gjer vedtak om den. Vidare blir soknerådet orientert om byggesak, innsamling og søknader (sak 53/24) og der går det fram at det er behov for ressurser til dugnad. På møtet orienterast det om anbud, lån, gravplassplan, leige frå OVF, om henvendelse frå gravferdsbyrå, og om samansetning av prosjektkomite med fokus på dugnad.
- 25. juni 2024: Statsforvalteren i Vestfold og Telemark sender innspel.
- 2. juli 2024: Evje og Hornnes sokn legg prosjektet ut på Doffin.
- 9. september 2024: Arkitekt sender søknad om endring av reguleringsplan
- 24. september 2024: Evje og Hornnes sokneråd handsamer kjøp av nytt anleggsområde frå Allstad AS, før OVF. (Sak 61/24). Vidare handsamer soknerådet menighetssenter og driftsbygg ved Evje kyrkje og kyrkjegard (sak 62/24) der kyrkjeverje foreslår å finansiere årleg meirkostnad med festeavgift, besparelser og gjevarteneste. Øyvind Kjetså kom med motforslag om å ta informasjon til orientering, som vart samrøystes vedteke. Vidare handsama soknerådet finansiering av utredningskostnader (sak 63/24) der det foreslås ny total ramme på 1,1 mill. Vidare handsamer soknerådet sak om ombygging av flytta driftsbygning (sak 64/24) og der har dette falt utanfor anbudsutlysinga. Det foreslås at framlagte skisser blir godkjent og at administrasjonen innhenter 3 priser. Kristin Erstad foreslo dugnad, og Emma Kristine Leesland foreslo å framskaffe skisser, og dei to forslaga vart samrøystes vedteke.
- 30. september 2024: Arkitekt sender oppsummering etter høyringsrunde. Arkitekt var i kontakt med Statsforvalteren i Agder, som seier at myndighet ligger til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Arkitekt var i kontakt med Fylkeskommunen ved Silje Utne Bjørke omkring eigen søknad til Fylkeskommunen om dispensasjon frå kulturminnelova.
- 1. oktober 2024: Arkitekt sender for fyrste gong ein epost til fortidsminneforeningen, med fem epost og 44 vedlegg, med beskjed om at det er teikningar godkjent av Fylkeskonservator og Statsforvaltar.
- 2. oktober 2024: Fortidsminneforeningen etterspør kommune og arkitekt om status, og om å bli inkludert i høyringsrunde. Arkitekt svarer ikkje, og kommunen svarer bare at dei har motteke henvendelsen, men svarer ikkje på meir.
- 17. oktober 2024: Planutvalet vedtek sak 88/24 "Endring av reguleringsplan for Evje kirke, planID 199703. Utvidelse av arealformål offentlig bygg (KM1), ny bestemmelse og ny avkjørsel" som skal vere ein mindre endring av detaljregulering for Evje kyrkje. Fortidsminneforeningen vart ikkje varsla om dette.
- 12. november 2024: Evje og Hornnes sokneråd får orientering om status for nybygg ved Evje kyrkje og kyrkjegard (sak 70/24) der det gjerast reie for ein god del korrespondanse som blir teke til etterretning ved samrøystes vedtak.
- 18. desember 2024: Evje og Hornnes sokneråd handsamar status for nybygg (sak 81/24) og her er det litt vedtak og etterretning. Prosjektkomiteen får etter forslag frå Kristin Erstad fullmakt til å utarbeide korrigert søknad til bankene. Vidare handsamer soknerådet finansiering for nybygg (sak 82/24) der det må dekkast kostnader. Forslag til vedtak vart korta ned, og ein må kome med forslag til kutt. Det vart nemnt festavgift og klippekostnader. Vidare handsama soknerådet nye gravplassvedtekter (sak 83/24) der ein slutta seg til vedlagt forslag.
Tidslinje år 2025
- 10. januar 2025: Arkitekt legg fram skisser med plassering
- 20. januar 2025: Komite søker om rammetillatelse til oppføring av kyrkjestoge og flytting av bårehus, men fortidsminneforeningen får ikkje informasjon om søknaden.
- 21. januar 2025: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om finansiering av videre utredningskostnader (sak 3/25) og det foreslås ny ramme på 1,3 mill. som blir vedteke samrøystes. Vidare handsamer soknerådet status for nybyggprosjektet (sak 4/25) der Odin prosjekt har arbeida med redusert løysing, og Fylkeskommunen sin uttalelse blir ikkje lagt med.
- 10. februar 2025: Evje og Hornnes kommune gjev rammetillatelse med klagefrist 3. mars, men vedtaket blir ikkje informert verken til media eller til fortidsminneforeningen.
- 12. februar 2025: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om nybygg (sak 10/25) der det orienterast om at det er søkt Sparebanken Sør om forhøga tilskot, om inngjenge kjøpskontrakt med Allstad, om at kommunen har starta behandling av rammesøknad, og vidare på møtet vart det informert om at pris med entreprenør er ferdig forhandla med materialval som variabel, rammetillatelse har klagefrist i begynnelsen av mars, og at ein må ha godkjennelse av arbeidstilsynet.
- 25. februar 2025: Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om oppføring av servicebygg og driftsbygning (sak 16/25). Kyrkjeverje foreslår at prosjektet avsluttast. Det vart vedteke at saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, at det framleis er ein forhandlingsfase, og at prosjektkomiteen kjem med sitt forslag når det er klart.
- 3. mars 2025: Klagefrist for vedteken rammetillatelse går ut, uten at fortidsminneforeningen er gjort kjent med dette.
- 7. mars 2025: Det blir sendt anonymt tips til Fædrelandsvennen
- 11. mars 2025: Verneombod sender innsigelse til Arbeidstilsynet.
- 12. mars 2025: Fortidsminneforening etterspør dokumenter og informasjon om status frå Evje og Hornnes kommune.
- 13. mars 2025: Evje og Hornnes kommune gjer kjent for fortidsminneforening at kommunen har gjeve rammetillatelse til bygging av ny kyrkjestove den 10. februar 2025 med klagefrist 3. mars 2025. Fortidsminneforening ber om ny klagefrist fordi dei ikkje hadde vorte kjent med dette.
- 17. mars 2025: Evje og Hornnes kommunen sender melding til Fortidsminneforening om at dei ikkje vurderer det som at Fortidsminneforeningen eller har rettslig klageinteresse i byggesøknad/rammetillatelse, men gjev frist til 21. mars 2025 med å imøtegå dette. Kommunen sender også med 38 dokument frå rammesøknad til fortidsminneforeningen. Setesdølen: "Tilsette kritiserer kyrkjestove" Fædrelandsvennen debattinnlegg: "Nye Evje kyrkjestove - dette må løysast betre"
- 18. mars 2025: Fædrelandsvennen: "Striden om kyrkjestova. Det er full strid om den nye kyrkjestova i Evje til 17 millionar kroner. Soknerådet og dei tilsette står steilt imot einannan." NRK: "Kritiserer planer om ny kirkestue". Dagen: "Ansatte ut mot byggeplaner. En katastrofe om dette blir realisert." Evje og Hornnes sokneråd handsamer sak om oppføring av servicebygg og driftsbygning (sak 23/25). Kyrkjeverje foreslår å avslutte prosjektet. Prosjektkomiteen foreslår å godkjenne kontraktsinngåelse og igongsetjing. Prosjektkomiteens forslag vart vedteke med 7 mot 1 stemme.
- 19. mars 2025: Fædrelandsvennen: "Kyrkjestova: - Skuffande sjokkvedtak"
- 20. mars 2025: Setesdølens leiar: "Spetakkelet om kyrkjestova." Kommunestyret i Evje og Hornnes tek opp soknerådets vedtak på slutten av møtet. Fortidsminneforeningen sender klage. Førespurnad i kommunestyre om soknet klarer å betale lånet på 8 mill pluss årlege utgifter som kommunen garanterer. Ordførar seier at det ikkje er sannsynleg at soknet går økonomisk fallitt og kommunedirektør seier at mislighald fører til regresskrav frå kommunen mot soknet. Evje og Hornnes kommune sin sakshandsamar sender melding til fortidsminneforeningen om at det ikkje blir oppsettande virkning i klagebehandlinga fordi tiltakshavar har krav på tillatelse når det er i samsvar med plan- og bygningslova med forskrifter.
- 25. mars 2025: Fædrelandsvennen: "-Sterkt beklagelig og uheldig. Fortidsminneforeninga klagar på ny kyrkjestove på Evje. Dei er ikkje samd med kommunen i at dei ikkje er part i saka." NRK: "Klagar på informasjon om ny kirkestue."
- 3. april 2025: Evje og Hornnes kommune sitt planutval behandler sak 23/25 om diskusjonssaker/eventuelt og der orienterte saksbehandlar om klagebehandling av Fortidsminneforening si klage, og sa at den ville kome som sak på neste planutvalsmøte, og deretter sendt til Statsforvalter, der det er eit halvt års klagebehandlingstid. I mellomtida ville saksbehandlar gjeve igongsetjelsestillatelse for byggherre sin risiko. Då kom planutvalet til at dei ville delegere klagebehandlinga til administrasjonen for å få dette så raskt unna som mulig. Det vart vedteke med 6 mot 1 stemmer.
- 7. april 2025: På spørsmål om vigsling av nybygg 2. april 2025 svarer bispedømekontoret at det ikkje er noko kjennskap til planer om vigsling av nybygg. Då står der att om korvidt nybygg allereie må sjåast på som vigsla ut frå at det kan sjåast på som eit tilbygg til kyrkja.
- 8. april 2025: På spørsmål av 2. april 2025 frå Knut Olav Uppstad til formannskapsmøte 8. april 2025 kl 9 om kommunens planer for furulunden som i 2002 er omtalt som kommunens fineste tomt og då avsett til kristelege byggeføremål, så var formannskapsmøte avlyst.
- 10. april 2025: Soknerådsmøte kl 18:00 med sak 28/25 om oppretting av byggekomite. Avventer igongsettingstillstelse, oppstart av prosjekt, klagesak frå Fortidsminneforening. Involvering av gravplassfunksjon og administrasjon, og kompetanse i komite. Vidare sak 29/25 om framdriftsplan med oppgåver for gravplassdrift og administrasjon. Ei lukka sak. Samtidig var det folkemøte om arealplan i Evje og Hornnes kommune på Furuly den 10. april kl 18.
Tidslinje på framtidige hendelser
- 23. april 2025: Kyrkjelydens årsmøte / soknemøte / menighetsmøte for Evje og Hornnes sokn kl 19:00 på Hornnes bedehus. Etter song av menighetskoret, andakt av soknepresten i Bygland og Åseral, årsrapport og drøfting av menighetsarbeidet, så blir det orientering og samtale om arbeidet med ny kyrkjestove.
- 8. mai 2025: Evje og Hornnes kommune sitt planutval har møte kl 9 på formannskapskontoret på Evjemoen der det blir handsama eller orientert om klagebehandling.
- 20. mai 2025: Evje og Hornnes sokneråd har møte