Nordtjønn gapahuk

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gapahuken ved Nordtjønn i 2013.

Nordtjønn gapahuk vart sett opp i 2013. Det var Byglandsfjord Grendelag som i 2012 vart oppmoda til å få sett opp denne gapahuken like ved Nordtjønn. Grendelaget fekk støtte frå fleire hald og grunneigaren var positiv, så alt i 2013 kom gapahuken på plass. Det var Valle ModellverkstadRysstad som laga til byggesettet og Setesdal Bilruter sponsa frakta ned til Byglandsfjord. Ein ivrig dugnadsgjeng fekk deretter frakta materialane opp på heia, og kort tid etter var gapahuken klar til bruk.

Krommenvegen, som ein til dagleg seier, har namnet sitt etter ein av grunneigarane i området, Jan Krommen. Vegen går opp den bratte skogslia like sør for der Byglandsfjord Skisenter ein gong heldt til. Vegen er populær for trim- og turfolk heile året igjennom, og det ligg ei turbok på toppen som i 2012 hadde rundt 2000 namn. Toppen av den tidlegare fjellheisen er ikkje langt unna gapahuken. Her er det god utsikt og rastebenkar. Området vidare innover heia er ope og lett å ferdast i. Det har også vore planar om eit svært hyttefelt i fjellheisens toppområde, men så langt sette den verdsomfattande finanskrisen stopper for utbygginga.

Utanom innsatsen til grendelaget så hadde ein fått ulik støtte frå Midt-Agder Friluftsråd, Evje og Hornnes Sparebank, Sparebanken Sør i Bygland, Byglandsfjord Sag og Setesdal Bilruter.

Kjelder

Sjå også