Nordenåbrua
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
		
	
Nordenåbrua er ei stålbelkebru med betongdekke over Hovassåna på bygdevegen som går frå Bygda i Åraksbø til Haugetveit. Ho er bygd i 1951. Brukara blei murt opp av kila stein som var henta i Heddeviki. Grunde Olsbu var bas for byggjearbeidet.
Historie
På 1840-talet var det truleg ei trebru over Hovassåna på denne staden. Då bygdevegen blei forlenga til Haugetveit rundt 1916 blei det bygd ei ny trebru. Ho blei avløyst av 1951-brua.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 284
