Nesmoen industriområde
Hopp til navigering
Hopp til søk
Foto: Geir Daasvatn
Nesmoen industriområde er ein eigedom på om lag 215 daa nord for Nese og vest for Riksveg 9 i Bygland. Kommunen eksproprierte arealet frå bruket «Sør på Nese» i 1972, med føremål å legge til rette for næringsverksemd i bygda. Av verksemder i området i dag er mellom anna Serviteur Bygland, Kleivane Sag og Setesdal Hotel. I mange år frå 1982 hadde Tarkjel Simonstad verkstad, butikk og base for elektroinstallasjonsverksemda si her.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 2012, side 177-181