Når eg på livet tenkjer

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Når eg på livet tenkjer er ein sang av Eivind S. Berg. Han song den inn på kassetten Kom regn av det høie, men sangen er skriven så tidleg som i februar 1933. Han kalla sangen «Attersyn»:

Tone: «På nåden vil eg leva»
1
Når eg på livet tenkjer eg mangt eit misstak finn,
Då litt i auga blenkjer, ei tår som renn på kinn.
Eg ser på tapte tider i ungdoms fagre vår,
Og såre minne svider, i meg som opne sår.
2
Eg gjekk på ville vegar, bort frå min barndoms Gud
Men hjartesårt eg tregar eg gjekk i syndi ut.
So glad eg gjekk og drøymde, min fagre ungdoms draum.
Men mange fårar gøymde seg i den strie straum.
3
Den fred eg ha i bringa, som hjå far og mor.
Den Satan frå meg tvinga, på villan veg eg for.
Eg tenkte og finne lukka i verdens synde leik,
Men sårt eg måtte sukka, å du kor syndi sveik.
4
Det ingen ut kan seia, kor det i hjarta sveid.
Eg visste ikkje leia, som sau på ville hei.
Men tenk så fekk eg høyra «Kom heim frå syndi ut».
Og kallet nådde øyra, eg skyna det var Gud.
5
Guds ljos i sjeli strøymde, eg såg mi stilling væl.
Eg gjekk kje lenger drøymde, eg var ei vaki sjel.
Nå du frå jord skal fara, og fram for domen stå.
For livet skal du svara, som Herren let deg få.
6
I syndesorg og kvia, eg streid med Gud i bøn
Eg må vel evig lida, få syndens beiske løn.
Men Gud gav fred og sæla, ja gav meg hjartetrøyst
Eg høyrde hyrdingmæle: Eg har deg atterløyst.
7
No er eg glad og fegen, i blodet fann eg fred.
Eg gjeng på himmelvegen, og Jesus han er med.
Eg drikk av livsens kjelda, so flyt eg heim frå jord.

Avskrift