Nånesveten
Nånesveten er eit fjell i Bygland kommune på vestsida av Byglandsfjorden. Fjellet er 696 meter høgt og har ein primærfaktor på 210 meter. Nånesveten ligg sør for Melejuvet, rett vest for Fånefjell.
Nånesveten hadde inntil nyleg kartnamnet Nånesnapen, men Nånesveten skal vera det opphavelege namnet på fjellet. Folk frå Frøyrak bruka òg å seie Øvrekvi og Neirekvi, og då var Øvrekvi namnet på sjølve toppen. Statens kartverk nyttar både Nånesveten og Kviheii på sine kart (2016), alt etter storleiken, men opplyser at Kviheii vart godkjend etter den 9. februar 1971.
Med namnet Vete eller vite meinte ein i gamal tid ein fjelltopp som var synleg langt av lei, og som høvde til ein vete. Dette var ein oppstabla haug med stokkar og tyrived i pyramideform. Desse var gjort klar til opptenning om det kom inn ufredsfolk i dalen. På den måten fekk ein varsle folk omkring at nå var det fare på ferde. Så vart det raskt tend ein ny vete på neste lagelege topp, og neste... På den måten vart folk varsla raskt nok opp gjennom dalføret til at ein fekk samla seg til motstand mot desse ufredsfolka som var på veg. Dette var eit gamalt varslingssystem som kan ha vore i bruk heilt ned mot år 500 e.Kr.
Næraste vete i sør var Årdalsknapen, der Vittjønn ligg mellom Årdalsknapen og Heståsknapen. Lengre i sør var det vete på Vorehei i Hornnes, og i nord på Voråsen opp for Austad.
Ved inngangen til eit nytt tusenår den 1. januar 2000, vart det fyrt opp eit stort bål på Nånesveten, men skodda låg så tjukk denne natta at ein fekk ikkje sjå dette.
Kjelder
- Olav T. Frøyrak
- Birgit Skjevrak Skeie
- Oddmund Mogstad: Røysa på Nånes. Artikkel i Setesdølen nr. 83, 2012, 19. okt. 2012, side 10.
- Oddmund Mogstad: Fallosstein på Kopsås under Frøyrak. Artikkel i Setesdølen nr. 75, 2014 side 3