Munnharpa Valle

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Munnharpa i rundkøyringa på RV 9.
Siri Johannessen (31. oktober 2023)
Munnharpa på den nye plassen sin i rundkøyringa på Riksveg 9 15. oktober 2023.
Skoleområdet med tusenårsmonumentet.
Siri Johannessen (28. mai 2010)
Munnharpa i Valle ved skuleområdet 26. desember 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Munnharpa Valle står i rundkøyringaRiksveg 9 i Valle sentrum. Ho blei flytta hit hausten 2023. Tidlegare stod ho mellom Riksveg 9 og skuleområdet rett sør for Valle sentrum.

Munnharpa skal vere verdas største, med plass i Guiness Rekordbok. Harpa er 50 gonger større enn ei vanleg munnharpe. Vekta er 350 kg, lengda 3,40 m og breidda 1,35 m. Ho er laga av 5 mm tjukke plater av rustfritt stål. Meisteren bak monumentet er Bjørgulv Bjørgum. Ei av harpene til Bjørgulv Straume var modell.

Ideen til munnharpa kom frå Sidsel Bangtvedt. Då Valle vidaregåande skule skulle få musikkline på 1990-talet var det dugnad mellom anna for å få ei flott brosjyre til å fange potensielle elevar si interesse. Då kom Sidsel med denne munnharpa på skrå som symbol for skulen. Ho vart også logo for skulen og seinare 1000-årsmerke for kommunen i år 2000.

Kjelder

Eksterne lenker