Miskunnætti

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Miskunnætti er ein roman av Torjus J. Nomeland. Den kom ut på Noregs Boklag i 1980 og er på 173 sider.

Omtale

Sitat(Boka er) først og fremst eit kulturhistorisk tidsbilete frå Setesdal for vel 100 år sidan. Det er likevel fundamentale livsproblem Miskunnætti tek opp. Striden mellom godt og vondt, kjærleiken mellom mann og kvinne. Eg kunne gjerne også seie livsstriden der vi alle både vinn og tapar.

Det er også på det indre planet det skjer, det meste, og boka krev ein del av lesaren. Den ytre handlinga, som eg nærast opplever som «staffasje», kan iblant virke noko stilleståande. Eg vil tru at Torjus Nomeland ikkje har lagt så stor vekt på det heller. Det er det som skjer med mennska - på godt og på vondt - som har forfattarens interesse heile tida.

Språket finn eg levande, lett dialektfarga og som oftast vel tilpassa handlinga. Nokre skjemmande prentefeil må forlaget ta på si kappe. Aller best tykkjer eg Torjus Nomeland er når han teiknar små, innskotne portrett av sidepersonar som har - eler har hatt - det vondt. Det er dirrande harme og varm medkjensle i skildringa av Signe, som 17 år gamal vert med barn - og etterpå opplever å bli kalla bygdehore av kjærasten som har gjort henne gravid. Forteljinga om Signe Oddsdotter, som sist før barnet sitt på skaren, og ikkje kjem til seg att før det er daudt, er stuttfatta forteljekunst på sitt bese. Ja, eg vil gå så langt som til å seie at det er ei lita, velkoponert novelle innvove i forteljinga.

Miskunnætti er ein mogen manns verk, og eg vonar av heile mitt hjarta at ho vil finne mange lesarar, ikkje minst mellom den yngre generasjonen i Setesdal. Eg tykkjer Rasmus Løland, J.B. Bull og andre såkalla «bygdeforfattarar» i Torjus Nomeland har fått ein verdig arvtakar
Sitat
Bjarne Tveiten

Kjelde