Matrikkel
Ein matrikkel (av latin matricula, register) er eit register eller ei liste over jordeigedommar. Nemninga kan også bli brukt om andre register. Lista inneheld gardane i eit distrikt. I matrikkelen har kvar gard sitt eige gardsnummer. Kvar gard er (som oftast) delt inn i fleire matrikkeleiningar.
I Noreg er matrikkelen såleis landet sitt offisielle register over fast eigedom, og under dette bygningar, bustader og adresser. Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt, og har under dette ansvaret for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen.
Historie
Matrikkelen byggjer på lister sett opp av dei som stod for skatteinnkrevinga, sidan jordeigedommar var av dei viktigaste skatteobjekta. Eit anna viktig kjeldegrunlag var jordebøker sett opp av kyrkja og andre godseigarar.
I 1838 kom ein ny matrikkel for Råbyggelaget. Det gamle gardsnummeret var erstatta av eit nytt. Dette er same nummeret som framleis er i bruk.
Kjelder
- Matrikkellova av 2005
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 12
- Artikkelen om Matrikkel på Wikipedia, besøkt 26. mars 2017