Marie Sverdrup Tveitan
| Marie Sverdrup Tveitan | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. juli 1918 | |
| Død: | 1. desember 2019 (101 år) | |
Marie Sverdrup Tveitan (fødd 14. juli 1918, død 1. desember 2019) var lærar på Notodden. Ho er dotter til Søren Sverdrup Lund (1872) og Anne Bjørgulvsdtr. Lund. Ho begynte tidleg å arbeide i butikken til faren og styrte butikken i fem år medan faren var ute på handelsreiser. Eitt år var ho også assistent for doktor Gert Magne Høye i Valle, så ho hadde mykje erfaring frå arbeidslivet då ho tok til på lærarskulen i Kristiansand i 1939. Hausten 1940 vart heile lærarskulen flytta til Notodden, så ho fullførte utdanninga der.
Som nyutdanna fekk ho seg lærarjobb i heimkommunen og arbeidde i Valle i fleire år. Men så fekk ho spørsmål om å bli lærar på Notodden og flytta tilbake til byen der ho hadde teke utdanninga si. Der møtte ho også Gunleik Tveitan, som ho gifta seg med i 1950. Dei fekk fire born: Lars Sverdrup Tveitan, Magne Sverdrup Tveitan, Ragnhild Sverdrup Tveitan og Steinar Sverdrup Tveitan.
Etter ei tid tok Marie Sverdrup Tveitan vidareutdanning i heimkunnskap og forming i Oslo og sidan vart dette faga ho underviste i. I fritida engasjerte ho seg i Lærerinnenes misjonsforbund og Heddal bygdekvinnelag så vel som i andre lag og foreningar. I alle år heldt ho kontakt med heimbygda der ho hadde hytte i Finndalen og elles deltok på sentrumsfrukost og sauesjå.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Valle-jenta som vart lærar i Telemark. Artikkel i Setesdølen nr. 9, 2018 side 8
- Tarald Nomeland: Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 side 9 og 13
- Dødsdato opplyst av Jorunn Lund Tveit 14. juli 2020