Mannen som bar fram posten til heiegardane i Evje i 44 år
Mannen som bar fram posten til heiegardane i Evje i 44 år er eit intervju frå 1993 av Erik Kjebekk. Han har den med i heftet Minne frå ei svunnen tid, som vi har fått legge ut på Setesdalswiki.
Mannen som bar fram posten til heiegardane i Evje i 44 år
Dei fleste på Evje kjenner godt Ånen Bjorland. Frå 1938 til 1982 var han landpostbod. Det meste av den tida gjekk postruta hans til Galteland, Høgetveit, Lauvland, Åmland, Flatebygd og Gautestad. Dei seinare åra vart postruta utvida til også å omfatte Kleveland og Syrtveit.
Ånen tok over postomberinga etter far sin, Jon Ånensen, som hadde bore posten den same ruta frå 1916. I 1938 var han ute for ei trafikkulykke og vart førtidspensjonert.
Framleis lever det fleire på Evje som hugsar Jon postmann. Den fyrste tida han var postmann, gjekk han til fots. Seinare fekk han sykkel. Men når snøen kom, laut han take skia fatt. Det vart mange tunge turar, særleg når han to gonger i veka skulle heilt til Gautestad.
Fantefylgje
Ånen som er fødd i 1917, voks opp i ein stor syskenflokk på Bjorland med utsikt over det vakre Bjorvatnet. Frå barneåra er det særleg eit minne som har sett seg fast i han:
- Det var 1. november. Datoen stend tydeleg for meg, men årstalet hugsar eg ikkje. Eg var ikkje gamle karen, så det må ha vore tidleg i 1920-åra. Me var samla ein flokk ute på isen. Då får me sjå eit fantefylgje kome etter vegen. Kona heitte Tina og mannen Petter. Dei bad om husrom heime hos oss. Foreldra mine viste dei bort til Bjorlandsplassen. Der hadde me sjølv budd til foreldra mine bygde på Bjorland i 1919.
Minne frå krigsåra
Under heile krigstida tok Ånen seg fram slik far hans hadde gjort, sykkel så lenge marka var bar og ski når snøen kom. Trass i krigen gjekk postomberinga stort sett utan større vanskar. Men ein gong då han var på heimtur frå Gautestad, vart Ånen skikkeleg skremd.
- Det var vinterstid. Eg hadde levert posten på Gautestad, og no skulle eg heim att. Etter kvart var det blitt stummande mørkt. Eg tok beinvegen over Bertesknapen ned til Flatebygd. Då eg var komen eit stykke inn i heia, høyrde eg flydur som kom nærare meg. Om det var eit eller fleire fly, veit eg ikkje. – Brått lyste det opp i lufta ikkje langt frå staden der eg var. Eg tenkte med meg sjølv: - No skal du sjå at det er einkvan som er ute etter meg. Men flyduren forsvann, og eg skunda meg vidare heimover.
Ånen veit ikkje om det var tyske eller allierte fly som var over hovudet hans denne mørke krigskvelden. Han veit heller ikkje kva funksjon lyssignalet hadde. Var det slepp frå eit alliert fly? Eller var det tysk fly som var på leiting etter nokon? Ånen veit ikkje.
Snøvinteren 1950/51
I 1947 kjøpte Ånen motorsykkel. Denne brukte han frametter hausten så lenge det var råd å kome fram. Men vintrane vart langt meir snørike enn dei hadde vore dei siste åra, så vegen til Gautestad vart oftast ikkje brøytt vinterstid. Det vart difor mange strabasiøse turar. Ånen hugsar særleg ein tur frå den store snøvinteren 1950/51.
- Ein dag skulle eg til Gautestad med posten. Snømassane var enorme. Denne dagen hadde det kome mykje nysnø. Sjølv om eg gjekk på ski, nådde snøen meg heilt opp til knea. Då eg kom til Klepsland, slo det om til mildver og regn med tungt klabbeføre. Langt om lenge kom eg til Gautestad, og no ville eg take snarvegen ut Høvringsvatnet heim att. Men då eg kom ned på vatnet, var mørket og tåka så tjukk at eg fann ikkje land. Eg måtte difor fylgje skilåma attende til Gautestad og fylgje den same løypa heim att som eg hadde kome opp.
- Eg kom heim klokka halv to om natta. Dei siste metrane opp til heimen vår var det berre så vidt eg makta å gå. Hadde det ikkje vore fordi kleda var gjennomvåte, hadde eg gått påkledd til sengs. Eg var heilt utkøyrd. Dagen etter var musklane så såre at det var berre så vidt eg fekk flytta beina.
Våren og sommaren kom seint dette året. Ånen fortel at Karl Kittelsen den 18. mai målte snødjupna til 2,20 meter ein stad mellom Raustøl og Himmelsyna. Same dagen gjekk Ånen på ski til Gautestad utan å sjå ein einaste bar flekk. 1. juni kunne Ånen for fyrste gong bruke motorsykkelen til Gautestad. Men han måtte skuve den over nokre snøfenner som framleis låg i vegen. Jens Tolfshus hadde horva snøen i vegen med ei jordhorv som han hadde festa til ein beltebil. Den opphorva snøen bråna fortare enn han elles ville ha gjort.
Åt stampegraut med treskei
Ånen fortel at når han kom til Gautestad, vart han ofte beden inn til bords. Det var særleg hos Asborg og Sigvart Gautestad han tok inn den tida dei budde der. Kaffe og mat smakte godt etter den mest to mil lange turen frå Evje.
- Ein gong vart eg også beden inn til bords på Raustøl hos Anne og Hans. Der fekk eg stampegraut som eg åt med treskei. Det er den einaste gongen eg har brukt treskei. Folk var gjestmilde og greie å ha med å gjere, seier Ånen.
Juleposten
- Juleposten forandra seg mykje i den tida eg var landpostbod, held Ånen fram. – Det var meir julekort i dei fyrste åra enn då eg slutta i 1982. Far min fortalde meg at då han var postomberar var det også mykje julekort. Men talet på julepakkene aukte mykje etter kvart. Og så all reklamen! Det fanst så å seie ingen reklameblad dei fyrste åra eg var fór med posten. Dei siste åra vart auken nærmast dramatisk.
I denne samanheng har Ånen ei interessant opplysning etter far sin. Han fortalde at furer Ånen Aavitsland aleine fekk om lag like mykje post som resten av den samla postmengda i Flatebygd.
Furer Aavitsland var ein kjent kulturpersonlegdom i Evje. Han var særleg interessert i slektsgransking og folkeminne. Men han fekk berre utgitt ei lita slektssoge. Eit stort manuskript med folke- og kulturminne vart rov for flammane då huset han budde i, brann ned. Dessverre hadde han ikkje sytt for dublett av manuskriptet. Kva som då gjekk tapt for ettertida av interessant kulturstoff frå Evje, veit ingen. Ein må rekna med at mykje verdifullt materiale då gjekk tapt, for furer Aavitsland var kjent for å vere ein kunnskapsrik mann.
Posten må fram
I 1952 kjøpte Ånen den fyrste bilen. Sjølv hugsar eg den blå folkevogn varebilen han køyrde post, varer og folk med. Det var gildt å sitje på med Ånen. Han var grei og morosam og hadde eit svært godt lag med oss borna.
I 1956 bytte han ut varebilen med ein liten Opel lastebil. Lastebilen høvde også godt til livdyrtransport, så Ånen var ofte kring på gardane og henta dyr som vart slakta på slakteriet til Evje Samvirkelag. Det var denne bilen han køyrde på ein tur til Gautestad ein julaftan i slutten av 1950-åra. Ånen fortel:
- Eg hadde gjort meg ferdig på postkontoret. Denne dagen skulle to av gutane mine vere med til Gautestad. Eg måtte difor heimom for å hente dei.
Turen til Gautestad vart dryg. Vegen var brøytt, men det slo om til mildver og den tjukke snøsolen i vegbanen blotna opp. Eg kom berre nokre meter, så måtte eg rygge og take ny fart for å kome nokre meter vidare. Slik heldt me det time etter time, men me nådde Gautestad også denne dagen. Posten må fram, veit du, seier Ånen og smiler. – Om lag klokka åtte om kvelden kom me heim. Då var det triveleg å stige inn i ei ljos og varm stove med juletre, julegåver og ein god julemiddag.
Ånen har vore pensjonist sidan 1982. Dei seinare åra har helsa ikkje vore heilt god. Men han steller i huset, tek seg ein handletur til Evje og les mykje. Når alt kjem til alt, er Bibelen hans kjæraste lesnad. Den gamle boka vert han ikkje lei av. Bodskapen er alltid ny.
Ellers tenkjer Ånen med takksemd attende på dei mange åra han arbeidde i postvesenet. Det var ein god arbeidsplass mellom greie medarbeidarar. For eigen del legg eg til: Greiare og laglegare mann enn Ånen Bjorland trur eg snaut finst. Ånen er ein heidersmann som ved sin fine måte å vere på har spreidd solskin og glede til oss andre.
- Intervju frå 1993