Magisk stemning i Evje kyrkje

Magisk stemning i Evje kyrkje er eit innlegg Geir Daasvatn skreiv på Facebook etter å ha vore på julekonsert med Kim Rysstad i Evje kyrkje tysdag 16. desember 2025.
Magisk stemning i Evje kyrkje 💝
Eg kan ikkje noko om musikkfaget og veit knappast namnet på alle tonane. Men musikken og songen kan nå fram til alle hjarter og til og med slike som mitt. Kim Rysstad saman med Uy Hoang på pianoet og gitaristen Knut Ingolf Brenna lagde magi ut av jolekonserten i Evje kyrkje tysdag kveld.
Kim sang så vakkert og følsomt og avdempa at tankane mine etter kvart berre la ut på flukt. Eg trur det var då Kim gav seg til å synge «Mitt hjerte alltid vanker». Dei flaug ut av kyrkjeromet til foreldra mine som kanskje høyrde på oss frå langt der ute i verdsromet. Eller – meir truleg – berre dukka opp frå minna der langt bak i hovudet. Dei undra seg også over all vondskapen som finst rundt om i denne verda og den enorme kontrasten til den varme stemninga musikken og songen skapte i kyrkjeromet.
«O Helga Natt» i Kim sin eigen versjon. Ikkje mektig og overveldande som hos Jussi Björling. Nei, heilt annsleis, mjukare, meir stillferdig, uendeleg vakkert.
Kim sine medmusikantar Uy på pianoet og Kjell Ingolf på gitarane (det var mange!) fylte ut lydbiletet på nydeleg vis. Vakre gitarsoloar og glitrande pianospel. Rolf Gunnar Augland var meister for lyden. Eit lite lydproblem midtvegs i konserten blei takla med den største sjølvfølge.
I mangel på fagleg innsikt, men med eit varmt hjarte må konklusjonen bli: Magisk musikkstund i Evje kyrkje!