Luznava Quadrille Group
Luznava Quadrille Group (Quadrille group of Lüznava Manor) er ei dansegruppe frå Latvia. Gruppa deltok på Setesdalsfestivalen 2019. Gruppa kjem frå Lüznava og vart etablert i 2016 for gjennom dans, musikk og kostymer å ta vare på atmosfæren frå tidleg i det 20. århundre, då Lüznava Manor, herskapshuset der gruppa held til, vart bygd.
Frå 1700-talet og fram til tidleg på 1900-talet var kvadrille ein tradisjonell dans i sosiale samlingar og ball over heile Europa. I Latvia og særleg i Latgale-regionen har dansen vore populær på festar og dansekveldar. Det er ein dans for to eller fire par.
Luznava Quadrille Group har med både erfarne og uerfarne dansarar frå Rëzekne-området. Målet for gruppa er å halde tradisjonen til kvadrilledansen levande og introdusere verdiane til latvisk kultur og tradisjon innan musikk, folkedans, instrument og drakter frå tidleg på 1900-talet for det moderne samfunnet. Gruppa deltek aktivt i sosiale samlingar, dansearrangement og festivalar. Leiar for gruppa er koreografen Inga Zirgule.
Kjelder
- Omtale av gruppa i epost frå Iveta Balčūne, Manager of Luznava Manor