Ljosevatnet (Evje)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljosevatnet 1. juni 2020.
Pegmatitt rundt Ljosevatn
Pegmatitt rundt Ljosevatn 14. september 2024.
Pegmatitt i fjellet rundt Ljosevatn
Pegmatitt i fjellet rundt Ljosevatn 14. september 2024.

Ljosevatnet ligg på Hålandsheia, om lag 1 km sør for Håland, aust i Evje. Det ligg i Hålandsheia naturreservat.

Geologi

All fjellgrunnen rundt Ljosevatnet består av lys pegmatitt. Dette området, som strekk seg over fleire kvadratkilometer, er prega av ein særs einsarta pegmatitt. Denne bergarten blei danna ved at tidlegare eksisterande bergartar blei oppvarma, noko som førte til endringar i mineralinnhaldet. Grunnstoff og molekylar som lett bind seg til væsker og gassar, blei fjerna, og til slutt størkna massen som mineralfattig pegmatitt. Forutan feltspat og kvarts, er det kun små mengder biotitt og magnetitt som er observert som aksessoriske mineral.

Kjelder

Kart

Laster kart ...