Ljosevatnet
Ljosevatnet er eit stort vatn ved Engesland i Vegusdal nord-vest i Birkenes. Ut av vatnet og nord-austover til Skjeggedalsåna (Skripelandsfjorden) renn Engelsåna. Vatnet høyrer såleis til Tovdalsvassdraget. Arealet er 2,215 kvadratmeter. Vatnet er regulert med ein liten demning i Djupekil. Tillatt reguleringshøgde er mellom 220,06 moh. og 222,56 moh. (2,5 meter).
Steinalderfunn
I 2001 gjorde vegdølen Frode Vellene funn av flint og ei såkalla «Nøstvedøks» ved Ljosevatnet. Øksa er datert til tidsrommet mellom eldre steinalder og yngre steinalder. Historikarane hadde tidlegare gått ut frå at det var liten aktivitet i det indre av Agder i steinalderen. Ein meinte at steinaldermenneska på Agder var eit nomadefolk av jegerar og samlarar som primært heldt til ved kysten. Saman med andre arkeologiske funn peikar funna ved Ljosevatnet i retning av at denne oppfatninga må ha vore feil. Det har i staden truleg vore stor aktivitet i Vegusdal i steinalderen, og truleg også fast busetjing.
Kjelder
- Om Ljosevatnet hos Statens Kartverk
- Plakat/oppslag ved demningen i Djupekil
- Om Ljosevatnet på Wikipedia (bokmål), besøkt 21. juli 2016
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Unni Setane Engesland og Helene Setane, Vegusdal - Kultursoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 2002, side 21-24
