Likkvile Strauman

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Likkvila på Strauman 23. oktober 2019.

Likkvile Strauman ligg på ein bergrygg sør-aust for Gullringstjønn, vest for Otra, langs stigen mellom Strauman i nord og Stemhei bustadfelt i sør.

Lokalhistorikaren Torfinn Normann Hageland skriv slik om likkvila:[1]

SitatHo passar ikkje heilt til nokon veg, for den fyrste lokale sledevegen ligg 2-300 m lenger vest og går om osen av Gullringstjønna. Setesdalsvegen ligg endå lenger vest og går om vestsida av Gullringstjønna. Ein kan mistenkje born å ha laga denne likkvila, men born ville vel aldri ha funne på å leggja ei oval steinsetjing?Sitat
– Torfinn Normann Hageland

Muntlege utsegn frå pålitelege kjelder går ut på at likkvila er laga i stand for gøy av vaksne personar i lokalmiljøet.

Referansar

Kart

Laster kart ...