Likkvile Ratøygard
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Likkvile Ratøygard er ei likkvile ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø - Øy - Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard.
Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Stå i stein - Brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland, Commentum Forlag, 2013, side 24 og side 127
- Paal Vollen, Soga om ei likkvile, artikkel i Setesdølen, 2003 (?)
- Oddmund Mogstad, Likkviler og andre steinsettingar i samband med desse, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 81, 2005, side 205-210