Lars S. Kjetså
| Lars S. Kjetså | ||
|---|---|---|
| Født: | 25. januar 1927 | |
| Død: | 25. november 2016 (89 år) | |
Lars S. Kjetså (fødd 25. januar 1927, død 25. november 2016) budde på Fennefoss i Evje og Hornnes kommune. «Lars på Mylla» eller «Boa Mylla», som han vart kalla, budde der Hans Nilsen Hauge i si tid fekk bygd mølle ved Fennefossen. Lars var yngst i ein søskenflokk på åtte, einaste gut i barneflokken. I unge år fekk han seg arbeid som forskalingssnikkar på Juvassdammen i Åseral like etter andre verdskrigen. Seinare dreiv han og Anders Hasseldal eige firma og sette opp mangt eit bustadhus i Nedre Setesdal. Dei siste åra i yrkeslivet hadde Lars S. Kjetså i Forsvaret.
Han var ivrig med fluestonga og glad i å ferdast i skog og mark. I pensjoniståra innreidde han fjoset til snikkarverkstad med dreiemaskinar og anna utstyr og det var flittig i bruk.
Lars Kjetså budde på Evjeheimen den siste tida. Han etterlet seg kona Gunda Kjetså, barna Roald Kjetså, Mimmi og Maren, svigerbarn, barnebarn og øvrig familie. Gravferda var frå Hornnes kyrkje fredag 2. desember 2016 klokka 13.30.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Boa Mylla fyller 80. Artikkel i Setesdølen nr. 6, 2007 side 4
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 93, 2016 side 2