Langorv
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Langorv er det lange skaftet på ein langljå. Uttrykket blir også brukt om heile reiskapen med ljåen (ljåbladet) fastmontert.
Setesdølane brukte helst stuttorv når dei slo graset. Spesielt i heieslåtten var det mest praktisk. Det var fyrst mot slutten av 1920-åra eller kring 1930 at det blei noko mengder av langorva. Det var fyrst og fremst på jorda heime dei blei nytta.
Kjelder
- Artikkelen om Ljå i Store Norske Leksikon (digitalt
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 80–81