Kyrelitjønn

Kyrelitjønn er eit vatn ca. 853 moh. i Valle kommune. Det ligg om lag ein kilometer nordvest for Sundet i Store Bjørnevatn. Namneforma vart godkjent i 2000, då vart fleire andre skriveformer ikkje godkjende: Kyrelitjørni, Kyrlitjønn og Kyrlitjørn.[1]
Vatnet har blitt kalka opp gjennom åra. I 2013 søkte Kyrelitjønn fiskelag om tre tonn kalkmjøl og fekk innvilga dette.[2] Kalkinga har ført til at auren har kome tilbake til vatnet, men vatnet er blitt overbefolka. Difor hadde Olav Rygnestad sommarjobb i 2013 med å fiske opp småfisk med garn saman med faren Hallvard O. Rygnestad. Gunhild Rygnestad og kusina Maria Heyerdal var med i registreringsarbeidet. Opp til 160 aurar var i garnet etter ei natts fiske. Målet var å fiske ut så mykje at den fisken som vart att, kunne bli større og gje grunnlag for stangfiske i Kyrelitjønn att.[3]
I skråninga nord for Kyrelitjønn ligg Kyrelitjønn naturreservat, som vart oppretta i 1986.
Referansar
- ↑ Kyrelitjønn hos yr.no
- ↑ Fordeling av statlege kalkingsmidlar for 2013 - Valle kommune
- ↑ Johs. Bjørkeli: Sommerjobb - garnfiske i fjellheimen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 27. juli 2013 side 30 og 31