Kvernkall
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein kvernkall er drivverket («turbinen») i ei vassdriven kvern for maling av korn. Han er laga av tre, og står loddrett under kvernhuset. I nedre enden er det skråstilte skovlar. Kallen går gjennom golvet i kvernhuset, og er festa til oversteinen inne i kvernhuset. Gjennom ei renne frå bekken kjem det ein vasstråle som treff skovlane, og driv kvernkallen og dermed oversteinen inne i kverna rundt.
Kvernkallen er enkel å bygge. Historisk kom han difor truleg i bruk lenge før det meir avanserte vasshjulet.
Kjelder
- Oddvar Moen, Hægeland møllehistorie 1918–2018, utgjeve av Hægeland sogelag, 2018, side 12–31
- Artikkelen om kvernkall i Store Norske Leksikon
- Artikkelen om kvernkall på Wikipedia, besøkt 28. desember 2024