Hopp til innhald

Kvernetjønn (Tønnesland)

Frå Setesdalswiki
Kvernetjønn 30. juni 2025.

Kvernetjønn er eit lite vatn på Tønnesland, på heia vest for Moisund, i Hornnes.

Frå tjønna renn ein liten bekk ned lia til Storebekk. Langs denne bekken låg det fleire kvernhus, og Kvernetjønn var truleg stemt opp for å samle vatn til malinga.

Det går skogsbilveg (stengt ved innkøyringa) frå Tønnesland inn til tjønna.

Kjelder

  • Norgeskart.no
  • Geir Daasvatn, besøk på staden, dokumentert med bilete

Kart

Laster kart ...