Kven har ansvar for straumstans?

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Kven har ansvar for straumstans? er eit lesarinnlegg i Setesdølen nr. 22, 2015 side 13 av Harald Haugland etter Onsdagssending i Valle Radio 20150304, der vi fekk problem med å formidle sendinga til Valle kommune fordi Agder Engergi/ Otera reparerte linja til Trydalsendaren og ikkje vart ferdige onsdag.

Kven har ansvar for straumstans?

Eg las i Setesdølen for tysdag at Agder Energi vil varsle straumstans berre på mail og SMS. Dei vil ikkje lenger annonsere når dei skal reparere linjenettet.

Onsdagskvelden 4. mars skulle vi ha sending i Valle Radio, tysdag og onsdag er våre faste sendedagar. I sin visdom hadde Agder Energi funne ut at dette kunne vere ein fin dag å reparere linja til sendaren vår i Trydal. Dessverre vart dei ikkje ferdige.

Då vi skulle på lufta onsdagskvelden, var det ikkje signal til radioane i Valle. Ingen hadde varsla oss på førehand, så vi undra oss mykje over kva som hadde skjedd.

Normalt ville vi ha avlyst heile sendinga, men denne gongen fann vi ut at det gjekk signal ut frå Bykle, så vi tenkte at då får vi sende til Bykle og Evje, og så får folk i Valle høyre oss på Internett. Mange folk var involverte, så det er surt å avlyse eit planlagd program der ein har gjort ei rekke avtalar med folk som stiller opp for å informere gjennom lokalradioen.

Kva som er grunnen til at Agder Energi ikkje informerer om slike straumstans-situasjonar, veit ikkje eg. Men det er dårleg gjort mot publikum i kommunane der inntektene deira kjem frå. Den jobben kunne dei gjort ein dag lokalradioen ikkje har sending.