Krone
Hopp til navigering
Hopp til søk
Krone var ein husmannsplass øvst i det dyrka brattlendet på Rygnestad i Valle. Han var ein av dei store husmannsplassane. Teigen blei skyldsett i 1883. Den siste som budde her var Ingebjørg Krone (f. Flateland 1842, d. 1919). Bare nokre steinar frå grunnmuren viser kvar husa eingong stod.
Kjelder
- Olav O. Holen, Husmannen, stykke i Jol i Setesdal 2010, side 12–15
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, Valle kommune, 1987, side 321–323