Krokå-Langeid

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Krokå-Langeid er ein 2,6 kilometer lang parsell på Riksveg 9Langeid nord i Bygland. Parsellen var den tredje og siste av i alt tre strekningar i utbetringa av Rv-9 mellom Ose og Langeid. Vegstykket vart opna 16. oktober 2013 av fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund. Parsellen blei bygd av Hovden Hytteservice. Kostnaden var om lag 75 millionar kroner.

Arkeologiske utgravingar

Vegbygginga mellom Krokå og Langeid kravde arkeologiske utgravinger som resulterte i mange spanande funn, mellom anna Langeidsverdet.

Sjå også

Kjelder

  • Åpning av rv. 9 Krokå-Langeid 16. oktober 2013, faktaark/pressemelding frå Statens vegvesen

Eksterne lenker