Kraftanlegga til Otra Kraft
		
		
		
		
		
		Hopp til navigering
		Hopp til søk
		
 
  
		
	
 
  Skarg kraftstasjon ved austenden av Botsvatn er den siste kraftstasjonen til Otra Kraft. 
Foto: Geir Daasvatn  
Kraftanlegga til Otra Kraft står i 2010 bokførte med rundt 3 milliardar kroner. Om dei skulle vorte bygde i 2010, ville dei ha kosta opp mot 10 milliardar. Overskotet frå kraftproduksjonen til Otra Kraft blir delt mellom Å Energi Vannkraft, som får 68,6% og Skagerak Energi som får 31,4%.
Det dåverande selskapet I/S Øvre Otra bygde kraftanlegga som i dag vert disponert av Otra Kraft:
- Brokke 1
- Brokke II
- Holen kraftverk med Vatnedalsdammen og Breive pumpestasjon
- Skarje pumpestasjon
- Dammane ved Urevatn
Med dette var konsesjonane frå 1974 bygde ut.
I 2004 fekk selskapet nye konsesjonar for vidare utbygging. Dei vart kalla Brokke Nord og Brokke Sør. I 2012 starta utbygginga av Brokke Nord, med oppdemming av Sarvsfoss i Bykle og ein ny kraftstasjon ved Botsvatn. Anlegget stod ferdig sommaren 2014.
Kjelder
- Setesdølen nr. 77, 2010 side 9