Konsesjonskraft
Konsesjonskraft er den delen av krafta som eigarar av større kraftverk må levere til kommunane der kraftverket ligg. Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen bereknar denne delen, som mellom anna er basert på folketal. Plikta til å levere konsesjonskraft gjeld kraftverk som nyttar vatn regulert etter vassdragsreguleringsloven eller industrikonsesjonsloven. Partane kan sjølv bli enige om prisen om kraftverket har konsesjon frå før 1959, elles er det Olje- og Energidirektoratet som fastset prisen.
Kommunar med lågt folketal, får ikkje tildelt alt sjølv, men noko av konsesjonskrafta går til fylkeskommunen. Aust-Agder fylkeskommune har tilbakeført 10 millionar kroner årleg til Riksveg 9 og 4 millionar kroner årleg til Setesdal Regionråd. Om alle kommunane i Setesdal hadde vore ein kommune, ville dei fått om lag 10 millionar kroner meir i konsesjonskraft enn dei fekk i 2014. Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder forvaltar konsesjonskrafta på vegne av dei ti kommunane i fylket som får konsesjonskraft.
I 2014 fekk kommunane i Setesdal desse inntektene frå konsesjonskraft:
- Bykle kommune: ca. 20 millionar kroner
- Valle kommune: ca. 9 millionar kroner
- Bygland kommune: ca. 7 millionar kroner
- Evje og Hornnes kommune: ca. 800.000 kroner
Kjelder
- Ole Birger Lien/Sigurd Haugsgjerd: Kommune frå Bjåen til Hornnes gjev 10 mill. kr. meir i konsesjonsinntekter. Artikkel i Setesdølen nr. 20, 2014 side 4
- Om konsesjonskraft hos NVE