Kompensasjonsvegen ferdig og asfaltert gjennom Hornnes

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kompensasjonsvegen vert asfaltert i Hornnes i 1965.

Kompensasjonsvegen var ei viktig sak for Setesdal på byrjinga av 1960-talet. Vegen skulle vere til erstatning for Setesdalsbanen som blei borte i 1962. Den nye vegen fekk ein heilt annan standard enn den gamle byvegen. Nyvegen hadde fast dekke, var breiare og rettare enn den gamle vegen, og han kunne ta mykje tyngre trafikk. Folk fann seg fort vel til rette med bil i staden for bane. I avisutklyppet nedanfor frå Fædrelandsvennen i november 1965 går det fram at vegen no er komen til Hornnes, og at trafikantane snart kan glede seg over brei og asfaltert veg gjennom heile bygda. Stykket er skive av adjunkt Torbjørn Hansen, som var meldar for Fædrelandsvennen frå mai 1965 til mars 1976. Han budde langs vegen gjennom Dåsnes (gamlevegen), og hadde som artikkelen syner førstehands kjennskap til saka.

Kompensasjonsvegen ferdig og asfaltert gjennom Hornnes

Så er asfaltarbeidet på kompensasjonsvegen gjennom Hornnes fullført, og trafikantane kan snart glede seg over brei og asfaltert køyrebane gjennom heile bygda. Dei har ikkje opna nyvegen enno, fordi ein er redd for at bilar med kjettingar skal hakke opp den ferske asfalten og fordi dei nye vegskilta ikkje har kome på plass. Men fredag eller laurdag skal vegen opnast for trafikk, og vi trur at bilførarar og andre vil verte særs godt nøgde med den 7,5 meter breie asfaltstripa. Frå tidlegare reportasjar veit vel dei fleste at nyvegen har delt opp ein del gardar, men som trafikkåre er det berre godt å seie om han. Arbeidet med dette vegstykket har gått etter planen, men bruarbeidet har nok gått noko seinare enn ein hadde rekna med.

Tanken var at den nye brua mellom Evje og Hornnes skulle ha vore opna før nyår, men dette vert det ikkje noko av. Det står att berre to, tre dagars arbeid før dekket er ferdigstøypt, men rekkverket har ikkje kome på plass og innkøyrsla frå Hornnessida er ikkje klar. Vegfolka kan difor fortelje at brua ikkje vert opna for trafikk før til våren.

Fred og ro over bygda

Kompensasjonsvegen er lagt utanom alle husklyngene i bygda, så både kafear og forretningar vil truleg få mindre vitjing av turistar komande år. Men for "honndølar" flest vil det nok kjennast som ei lette å få ein del av trafikken bort frå sentrum. Elles har det ikkje vore til å kome bort frå at vegarbeidet har sett sitt preg på Hornnesbygda det siste året. Lastebilar og traktorar har larma framom frå tidleg om morgonen til seine kvelden, og drønnande dynamittskot har nok gitt mang ein "honndøl" hjarteklapp. Men no vil altså freden atter sige inn over bygda, til stor lette for mange, og så er det å vone at forretningsfolka kan makte å lokke turistane til seg likevel.

Framtidsdraum?

Endå om kompensasjonsvegen no er ferdig, er ikkje alle vegproblem løyste i Hornnes. Trass i at mykje av tungtrafikken for ettertida vil følgje nyvegen, kjem likevel mange køyretøy til å kvervle opp støvet og sende det inn gjennom opne vindaug og dører på dei mange privathus, butikkar og kafear som ligg kloss i gamlevegen. Lokalferdsla gjennom bygda er nemleg heller stor, og talet på turistar som køyrer over Linndalen har auka svært dei siste åra. Det er difor langt frå grunnlaust å reise krav om asfalt eller oljegrus på gamlevegen. Reisar ein rundt på Sørlandet, vil ein finne at mindre trafikkerte vegar enn denne har vorte asfalterte, og er nokon i tvil om tarvet, innber med hermed desse tvilarane til å vitje bygda for å sjå på tilhøva ein varm sommardag eller ein aprildag. Då vil dei finne støv eller søyleskvettar langt oppover veggar og vindaug på dei bygningane som ligg opptil vegen. Ja, vegsjef, berre kom og sjå!

Atha

Kjelder