Kjetsåbakken
Hopp til navigering
Hopp til søk

Kjetsåbakken.
Foto: utlånt av Alf Georg Kjetså
Kjetsåbakken var ein hoppbakke på Nedre Kjetså - Neregarden, i kanten av Voilan, på Kjetså i Hornnes. Opprinneleg skal han ha blitt kalla Smiebakken, medan ein annan bakke på Kjetså vart kalla Kjetsåbakken. Men i den "første" Kjetsåbakken blei det av ulike grunnar slutt på hoppinga, og ein gjekk då etterkvart over til å kalle Smiebakken for Kjetsåbakken.
Kjetsåbakken (Smiebakken) var mykje i bruk på 1940-talet. Det var bygd opp eit bra stillas i bakken, slik at hopparane fekk god fart. Dei flinkaste kunne hoppe rundt 27-28 meter. "Byggmeisteren" bak bakken var Åsmund O. Kjetså.
Kjelder
- Nils Dåsvatn, Neregarden på Kjetså, utrykt stykke, 2014
- Nils Dåsvatn, Barndomsminne frå Hornnes i 1930- og 40-åra - Gutestrekar og andre fritidssysler, hefte utgjeve privat, 2012
- Jon Dagfinn Kjetså, personleg samtale med Geir Daasvatn, Otrahallen 24. september 2014