Kjetså gravfelt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kjetså gravfelt ligg rett ved krysset Sveindalsvegen (Fv-42) og Kjetsåvegen på Kjetså i Hornnes. I dag er det tre rundhaugar og to langhaugar i feltet. Ein rundhaug skal tidlegare ha blitt jamna ut under vegbygging. Opphaveleg har det såleis vore seks gravhaugar her. Alle haugane ser ut til å vere gravne i. Men dei er ikkje arkeologisk undersøkt av fagfolk. I kultursoga for Evje og Hornnes er det sagt at dei fleste gravhaugane i bygda truleg er frå folkevandringstida.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 371
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes\\, bind I, 1990, side 37-48