Kjetil Tveit
Kjetil Tveit | ||
---|---|---|
Født: | 10. januar 1916 | |
Død: | 2010 (alder 93–94) |
Kjetil O. Tveit, fødd 10. januar 1916, død 2010, budde i Dåsnesmoen i Hornnes, og var maskinsnekker, vaktmeister, birøktar og idrettsmann.
Tveit var maskinsnekker på Ljosland Trevarefabrikk, før han vart tilsett som vaktmeister ved Hornnes landsgymnas frå 1. januar 1963. Under tida som vaktmeister ved skulen hadde han også ein del vikartimar i kroppsøving. Han sat i vaktmeisterstillinga fram til oppnådd aldersgrense i 1983.
Tveit er den store idrettsmerkegeneralen i Otra IL. Han har sjølv teke idrettsmerket 67 gonger. Med det er han den som har teke flest merkeprøver i Aust-Agder, og kanskje i heile landet. Han tok idrettsmerket første gongen som 18-åring i 1934. I tillegg var Tveit inspirator, arrangør og administrator for idrettsmerkeprøvene i Otra IL frå 1960 til 2002, då han trappa ned 86 år gammal.
Tveit var også levande interessert i birøkting. Han var formann i Evje og Hornnes birøktarlag i over 30 år.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, utgjeven av Otra IL, 2010, s. 129-130
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 129 og s. 499-500