Kjelleberg
Kjelleberg er ein gard (gnr. 40) i Valle like vest for Valle kyrkje. Garden har tre bruk. Valle Motell ligg på Kjelleberg.
Historie
Garden ligg sentralt i Valle og er heilt sikkert gamal. Men han er snaut av same alder som gardane litt lenger sør i bygda.[1]
Kjelleberg hadde støylen Bølet i Finndalen saman med Sagneskar. Garden hadde også støyl ved Neiretjønn. I tillegg var det støylar på Midtfjøddi og i Stavedalen. Det var vanleg å reise opp til Neiretjønn tre dagar etter jonsok. Her blei dei verande i tre veker. Så var dei fire veker på Bølet. Rundt 15. august flytta dei heim frå heia. 1960 var det siste året det var støylsdrift ved Neiretjønn.[2]
Kvernhus hadde garden i Vikebekk.
Stadnamn på Kjelleberg
I hovudoppgåva Nokre stadnamn frå Valle i Setesdal nemner Dreng Uppstad seks stadnamn frå innmarka og to frå utmarka.
Innmark
- Fossåkeren
- Friggshola
- Frubærhaugen
- Linekre
- Tjørehaugen
- Skeidfloti
Utmark
- Munkehaug
- Valedokk
Litteratur
- Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 516-572
Referansar
- ↑ Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 517
- ↑ Valle IV, side 521