Kaupmannsøyi

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Byglandsfjorden 21. juni 2016. Kaupmannsøyi til høgre i biletet.
Kaupmannsøyi sett frå Bjoren 24. juni 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Kaupmannsøyi er ei lita øy, bare knappast 100 meter lang, ved Byglandsfjord i den søre enden av Byglandsfjorden. Tradisjonen fortel at her møttes setesdølar og bymenn for å handle.

Geologi

Kaupannsøyi er ulik dei andre øyane i nærleiken. Ho er ein stor grushaug, utan synleg fjell eller fin sand. Fagfolk meinar øya mest truleg er ei sprekkfylling frå ei breelv som har runne oppå isbreen om sommaren.

Fornminne

Det ligg seks gravrøyser og ein del mindre steinsamlinger som kan markere graver under markoverflata på øya. Gravene ligg på grus, så dei kan ikkje reknast som åsrøyser. Men plasseringa er nokså spesiell, og ein må tru at det har vore same tanke bak gravlegginga her som det er bak åsrøysene rundt Byglandsfjorden. Røysene er ikkje så store, 5-8 meter i diameter, men dei er tydeleg markert. Ein veit ikkje alderen på røysene. Men ei gravrøys på Nånesodden er tidfesta av arkeologane til yngre bronsealder.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...