Kåvehagen (Flateland)

Kåvehagen var ein husmannsplass under bnr. 10 på Flateland i Valle. Det var ei stoge som det ikkje høyrde jord til.
Husmannen i Kåvehagen (bnr. 10) var Åsmund Niklosson Flateland (f. ca. 1838, d. 1899). Han var gift med Anne Olsdotter Flateland (f. 1847, d. 1893).
Før utskiftinga på Flateland i 1872–1874 hadde bnr. 11 nokre teigar i Kåvehagen. I 1865 budde Stein Bjørnsson Hoftuft (f. 1825, d. 1913) i ei stoge her saman med huslyden.
Gamalt gardsanlegg
I Kåvehagen ligg det mange rydningsrøyser, fleire gamle tufter og heile området er omkransa av lange, fint opplødde steingjerde. Truleg er det eit gamalt gardsanlegg.
Solblom
I Kåvehagen er det ein stor og livskraftig populasjon med solblom som det er etter måten sjeldan å finne i Noreg. Den tidlegare slåtteenga her er blitt restaurert ved nitid arbeid gjennom ei årrekke av eigar Ånund T. Flateland (f. 1978) og familien hans.
Kjelder
- Artikkelen om Kåvehagen på Kulturminnesok.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 204–206
- Ellen Svalheim, Folka og landskapet, Vigmostad & Bjørke, 2019, side 76–81