Kåre G. Håland
| Kåre G. Håland | ||
|---|---|---|
| Født: | 1946 (alder 79–80) | |
Kåre Georg Håland (f. 1946) er lærar og skulemann frå Evje og Hornnes kommune. Han har gjennom heile sitt yrkesaktive liv arbeidd som lektor innan vidaregåande opplæring, med utdanning i faga kjemi, fysikk, matematikk og leiing. Heilt frå 1975 har Håland hatt si yrkesverksemd knytt til skulemiljøet på Hornnes gymnas, Hornnes vidaregåande skule og Setesdal vidaregåande skule. Han har slik sett vore ein sentral og viktig del av den lokale skulehistoria i fleire tiår. I skulen har han hatt roller som undervisningsinspektør, rektor og eksamensansvarleg.
Som lærar underviste Håland særleg i kjemi og matematikk. Han var oppteken av fagleg fordjuping og av å gje elevane eit godt grunnlag for vidare utdanning. I fleire år gjorde kjemielevane det svært skarpt i Kjemi-OL. Dei vart ved fleire høve blant dei beste elevane i landet.
Håland var også ein føregangsmann for å få nytt datautstyr til skulen, slik at elevane kunne bruke dette i opplæringa og på eksamen. Dette vart innført lenge før andre skular tok desse verktøya i bruk.
Ved sida av undervisninga hadde Håland, som nemnt, også administrative og pedagogiske oppgåver. Her arbeidde han mellom anna mykje med skuleutvikling. Dette innebar eit ansvar som gjekk ut over det einskilde fag og den einskilde klasseromssituasjonen. Her la han stor vekt på å utvikle skulen som organisasjon og pedagogisk verksemd, samt vidareutvikle opplæringstilbodet ved skulen. I mange år var han også formann i skuleutvalet. Heile tida hadde Håland spesielt god kontakt med politikarane i fylkeskommunen, ikkje minst i dei sakene der fylkesadministrasjonen gjekk på tvers av det beste for den vidaregåande skulen på Hornnes.
Favorittsitat: «Skolens verdifulle ting kan ikke påtvinges motvillige sinn, men ei heller er de blomster av tenkningens frø i solskinnet fra lærerens smil». R.S. Peters, Uddannelsens filosofi, 1980.