Jortveit gravfelt
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Jortveit gravfelt er fire gravhaugar (langhaugar) som ligg på rad og rekke nederst i jordet, ned mot Dåsåna, på bruket «Der Heime» (bnr. 1) på Jortveit i Hornnes. Den eine haugen er om lag 25 m lang, og mellom dei største i Evje og Hornnes. I forlenginga av han ligg ein til, med lengde ca. 15 m.
Det er også, eller har vore, eit større gravfelt med rundhaugar aust for busetnaden i garden, i bakkehellinga ved bruket Solheim.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 1990, side 39-40
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemnd, 1969, side 169