Jolesong for Setesdal
Jolesong for Setesdal var skriven av Mikkel P. Byklum. Kim Rysstad sette tone til songen. Den kan også syngjast på melodien til No koma Guds englar.
Sjå no er det høgtid, sjå no er det jol.
Um dalen i snøkåpa kviler
stend Betlehemsstjerna der plent som ei sol
og ned i mot dalen smiler.
Eg kjenner så vel
noko heilagt er nær
og fred over dalen kviler.
Når grani i stova stend pynta til fest
og ljoset stend lyser i staken,
då må du tru der er englar som gjest
i kvar einaste heim etter dalen.
Gud signing så sæl
du heilage kveld
du solrenning blid imot dagen.
Ja no er det høgtid, ja no er det helg,
for klokka frå tårnet den ljomar.
Og no lyder lovsongen i mellom fjell
ifrå tusen av munnar det tonar.
Hav takk du Guds son,
som kom til vår jord
og synda åt folket vel sona.
Kjelde
- Sæbyggjen diktar og drøymer. Valle Bondekvinnelag 1981