Jokleivtjønni
Jokleivtjønni er eit vatn i Bygland vesthei, 852,3 moh. Det ligg nord for Langsvassheii, og er ein del av eit vassdrag som kjem frå Kolsheivatnet. Åna derifrå renn via Vestre Krokvatni ut i Jokleivtjønni. I nordenden av tjønna står det ei bu, og like ved går det ei bru over åna.
Brua ved Jokleivtjønni
Den gamle turvegen som DNT Sør har hatt mellom Langeid og Gaukhei turisthytte kryssar over åna like før ho renn ut i Jokleivtjønni. Vassføringa kan til tider vera så stor at det var vanskeleg å koma over. Difor sette Turistforeninga opp ei stolpebru her. Denne vart øydelagt av snø og is våren 2008, men ei ny bru kom på plass i 2010. Dette er ei hengebru lik den som vart sett opp samstundes ved Svartenut turisthytte. Brudekket er sett saman av trelemmar, og dei ligg på plass i juni, juli og august månad. Utanom sesong må ein va over åna.
Kart
Kjelder
- Bygland kommune
- DNT Sør