John K. Rystad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
John K. Rystad
John K Rystad.jpg
Født: 6. mars 1848
Død: 3. mars 1932 (83 år)
Bauta over Rystad.
Foto: Leonard Jansen

John K. Rystad (fødd 6. mars 1848 i Wisconsin, død 1932 i Norse, Texas) var ein amerikansk prest. Han var son til Knut Rystad, som kom til Amerika i 1845.

Etter teologisk utdanning kom John K. Rystad til Bosque County, Texas i 1878 og overtok som prest etter Ole O. Estrem. Han gifta seg i 1879 med Gunhild Bergette Nelson. Dei fekk fem born.

Rystad var den andre pastor som nordmennene i Clifton og Norse hadde. Han vart verande der i heile 47 år og tok ikkje avskil før i 1925. Då var han 77 år gammal.

I hans tid blei kyrkje nr. to i dette området bygd. Han arbeidde også sterkt for oppretting av eit luthersk college i Bosque. Det stod ferdig i 1896, og Rystad vart vald til første styreformann. Pastor John K. Rystad døydde i 1932 og er gravlagd på kyrkjegarden i Norse.

Kjelde