Johan Jørgen Emaunel Selmer
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Johan Jørgen Emaunel Selmer | ||
|---|---|---|
| Født: | 20. februar 1855 | |
| Død: | 28. mars 1929 (74 år) | |
Johan Jørgen Emaunel Selmer (født 20. februar 1855 i Sokndal, død 28. mars 1929) var vikarprest i Valle i 1886 før Paul Vinsnes Gjesdahl fekk stillinga. Johan Jørgen Emanuel Selmer var presteson, faren var Christian Selmer (1814-1903). Han vart student i 1876 og cand.theol. frå Universitetet i Oslo i 1881. Etter praktikum var han personellkapellan i Vikøy frå 1882. I 1888 vart han kallskapellan i Lyngdal. Same året gifta han seg med Tora Mikkelsdtr. Harstad. I 1893 vart han sokneprest i Kjerringøy, i 1899 sokneprest i Bruvik og i 1911 sokneprest i Nedre Stjørdal.
Dei fekk tre barn: Christian Selmer (født 1889), Mikael Marius Selmer (født 1891) og Trine Tobine Aamot Selmer (født 1893)
Kjelder
- Norges geistlighet og andre norske teologiske kandidater i fast stilling i 1925. Oslo, Hanche, 1925
- Folketelling 1900