Ivelandsstev før kommunevalet 2015

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivelandsstev før kommunevalet 2015 er eit stev som varaordførar i Iveland, Sig Tove Aasen laga og framførte på siste kommunestyremøte i Iveland kommunestyre før kommunevalet 2015:


Me slipar knivar og spenner boge
og brøyter veg gjennom eld og loge.
Me sneier vener med harde ord
og stemner fram mot eit styrebord.

Å stenge ute ho Gro-Anita
den vona er både tunn og lita.
Ho sit'e støtt ved det gylne bord
og styrer klubba med milde ord.

Ja, koss det gjenge ell' ikkje gjenge,
vår kjære heimbygd vil vare lenge,
og folk vil leve i Iveland
av jord og stein og av flaskevann.

Kjelde