Infanterivegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Infanterivegen er ein omlag 1,4 kilometer lang veg på Evjemoen. Han startar ved Evje fengsel i nord, og går temmeleg snorbeint sørover parallellt med Bjoråvegen til han treff på og endar i Jørgen Løvlands veg ved Evjemoen kino og hovudkvarteret til Evjeklinikken. Langs vegen ligg mellom anna Evjemoen Forsvarsmuseum, KS-Service, Rune Hodne Transport og Graving og idrettsbanen på Evjemoen med Dyrskueplassen.
Kjelder
- Kommunekart.com